Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hobbyhøns-boom: Dobla fôrsal siste fem år

I 2021 selde Felleskjøpet mat til 10.000 fleire hobbyhøns enn året før.

Også hobbyhøns treng mat. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Også hobbyhøns treng mat. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Christin Nordahl er blant dei som dei siste åra har skaffa seg hobbyhøns. Ho er heller ikkje den einaste i familien sin som har høner.

På Nordstrand i Oslo bur dei seks hønene hennar i ei gamal leikestove, som høyrde til familien sine ungar då dei var små. Frå dei får Nordahl og ektemannen egg kvar dag.

– Eg har alltid vore glad i dyr, og kosar meg veldig med hønene. Tre år med høner har vore tre gode år, seier Nordahl.

Christin Nordahl matar hønene. Foto: Felleskjøpet Agri
Christin Nordahl matar hønene. Foto: Felleskjøpet Agri

Produktsjef Idun Rosenfeld i Felleskjøpet Agri merkar at interessa for småskala hønsehald har auka i pandemien. Den manglande sosiale kontakten mellom folk trur ho gjorde at fleire ønskja dyr som selskap.

For mange falt valet på høns, fordi dei kan verte tamme og i tillegg kan gje mat til heimen.

Sidan 2016 har Felleskjøpet dobla salet sitt av kraftfôr til hobbyhøns. Frå 2020 til 2021 aleine var auka på 400 tonn. Selskapet anslår at produkta deira før kring 175.000 høner og hanar i Noreg.

Neste artikkel

Felleskjøpet gjenvant 22 tonn plast: – Over all forventning