Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Tove Laila Strand hugsar godt tida hos besteforeldra i Tyskland, før ho vart send heim til mora i Noreg etter krigen. – Det var kjærleik, alltid, seier ho. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Tove Laila Strand hugsar godt tida hos besteforeldra i Tyskland, før ho vart send heim til mora i Noreg etter krigen. – Det var kjærleik, alltid, seier ho. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Ho vart send heim til ei mor som ikkje ville ha henne

Da freden kom i 1945, var det ei glede for dei fleste, men for Tove Laila Strand, og mange av dei 10.000-12.000 krigsbarna etter andre verdskrigen, var det starten på ein vond oppvekst. No heng eit portrett av Strand på utstillinga Roseslottet, som eit vitne om barna som vart uskuldig straffa.

For snart to år sidan tok kunstmålar Vebjørn Sand kontakt med Tove Laila Strand, (79) oppvaksen i Ålesund. Om ho ville vere med som tidsvitne i eit kunstprosjekt som omhandla andre verdskrigen?

– Eg vart veldig overraska, og syntest det var stas. Men eg må innrømme at kvar gong eg snakkar om den tida, og blir mint om at eg også er tyskarunge, blir det nokså slitsamt. Eg blir på ein måte metta. Og det er ikkje alle som reagerer likt heller, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Om eitt år er ho åtti. Heile livet hennar har vore prega av at ho er såkalla krigsbarn, med alt det førte med seg.

– Om det synest på meg at eg er litt sliten no, så er eg det. Det innrømmer eg, legg ho til.

«Historiens ansikter»

Portrettet av Strand er eitt av 37 måleri kalla «historiens ansikter» som no er del av utstillinga Roseslottet. Fram til no har over 89.000 menneske besøkt anlegget utandørs på Frognerseteren i Oslo. Med måleri, installasjonar og lyd, vil brørne Vebjørn og Eimund Sand minne om at demokratiet og likeverdet vårt kan forsvinne om vi ikkje varetek det.

Måleria viser både kjende og mindre kjende hendingar og skjebnar frå heile landet under krigen. Det var naturleg for Sand at også krigsbarna sine historier var med.

– Det ligg i heile humanismen, at alle er likeverdige. Og ein må løfte opp nettopp dei som opplevde å få ei sånn usivilisert behandling som barn og som individ. Det er jo forferdeleg kva dei opplevde, seier Sand.

Portrettet av Tove Laila Strand, måla av Vebjørn Sand, er del av utstillinga Roseslottet. For Sand har det vore viktig å møte den han portretterer. – Eg må høyre stemma til mennesket i portrettet. Å male sjela til mennesket som er inni, det er det eg forsøker. Noko inderleg, bak det ytre, seier Sand om portretta, til NPK. Foto: Sandbox
Portrettet av Tove Laila Strand, måla av Vebjørn Sand, er del av utstillinga Roseslottet. For Sand har det vore viktig å møte den han portretterer. – Eg må høyre stemma til mennesket i portrettet. Å male sjela til mennesket som er inni, det er det eg forsøker. Noko inderleg, bak det ytre, seier Sand om portretta, til NPK. Foto: Sandbox

Tove Laila

Heime hos Strand på Tveita i Oslo verkar det fredeleg og harmonisk. Heimen er pent møblert, og har bilde av barn og barnebarn og oldebarn på veggen. Men på veggen heng det òg eit måleri av ei alvorleg lita jente. Frå Strand var seks år, var oppveksten hennar alt anna enn harmonisk.

Far til Tove Laila Strand, Werner Perkun, vart send til Austfronten kort tid etter at ho vart fødd 18. november 1941. 20. oktober 1942, om lag ein månad før Tove Laila vart eitt år, døydde han i krigen. Foto: Privat
Far til Tove Laila Strand, Werner Perkun, vart send til Austfronten kort tid etter at ho vart fødd 18. november 1941. 20. oktober 1942, om lag ein månad før Tove Laila vart eitt år, døydde han i krigen. Foto: Privat

Under krigen jobba mor til Strand på eit reinseri i Hønefoss, der ho vaska uniformene til tyske soldatar. Der vart ho forelska i den tyske soldaten Werner Perkün. Dei hadde planar om å gifte seg, og Tove Laila vart fødd den 18. november i 1941. Men Werner vart utkommandert til austfronten, og døydde før dottera var eitt år. Mor hennar klarte ikkje å ta seg av henne, og Tove Laila hamna på den SS-drivne barneheimen Godthaab i Bærum.

Som toåring vart ho send vidare til besteforeldra i Eberswalde aust i Tyskland, der ho budde fram til ho var seks.

– Eg hugsar godt staden der vi budde, i Kurze Strasse. Alle kjende alle. Det gjekk engelske fly over der. Og eg hugsar at eg ikkje hadde sko om vinteren. Men eg hadde det veldig trygt og godt hos dei. Det var alltid kjærleik, minnast Strand.

Etter krigen kom eit brev frå Noregs Røde Kors med beskjed om at ho skulle sendast tilbake til mor si i Noreg. Det hadde norske styresmakter bestemt. Det siste minnet ho har av bestemora, er at dei tok farvel ved Brandenburger Tor i Berlin.

– Det var ingen som spurde om mødrene ville ha oss tilbake. Eg vart send tilbake til ei mor som ikkje ville ha meg, seier Strand.

Ikkje velkommen

I Ålesund hadde mora gifta seg på ny og fått ei lita dotter, og Tove Laila merka raskt at ho ikkje var velkommen. Da dei møttest, reiv mora av henne namnelappen ho hadde rundt halsen fordi ingen måtte vite at ho var eit «tyskarbarn». Tove Laila kunne ikkje norsk, men dersom ho snakka tysk, vart ho slått. Mora slo henne med kleshengarar over ryggen, så hardt at dei brekte. Endå vondare var det at mora kalla henne «tyskarsvin».

– Det var heilt opplagt at eg ikkje skulle vore fødd. Eg hugsar eg gret i Ålesund og lengta sånn tilbake til Oma og Opa i Tyskland, fortel Strand.

"Oma" og "Opa", besteforeldra til Tove Laila Strand i Eberswalde i Tyskland. Foto: Privat
"Oma" og "Opa", besteforeldra til Tove Laila Strand i Eberswalde i Tyskland. Foto: Privat

Bestefaren i Noreg godtok og var glad i henne. Men ho torde ikkje å snakke om opphavet sitt på skolen, til dømes.

– Folk tagde og torde ikkje snakke om det. Vi var hata, altså. Krigen sat i så lenge i den generasjonen, seier ho.

Vebjørn Sand og Tove Laila Strand ved portrettet som heng på utstillinga Roseslottet. – Vi ville ha med krigsbarn for å få med alle sider av krigen. Og å for løfte dei opp som menneske, sjølvsagt, side om side med alle dei andre, seier Sand. Foto: Privat
Vebjørn Sand og Tove Laila Strand ved portrettet som heng på utstillinga Roseslottet. – Vi ville ha med krigsbarn for å få med alle sider av krigen. Og å for løfte dei opp som menneske, sjølvsagt, side om side med alle dei andre, seier Sand. Foto: Privat
Annonse

Fram i lyset

Det var lenge heilt stille om korleis dei mellom 10.000 og 12.000 krigsbarna i Noreg hadde vorte behandla under og etter krigen. Men på 80- og 90-talet byrja nokre av barna, som da hadde vorte vaksne, å granske si eiga historie. Nokre byrja òg å fortelje. Det vaks fram eit behov for å vite kva som faktisk hadde skjedd.

Historikar Lars Borgersrud er ein av forskarane som i 2001 byrja på det treårige forskingsprosjektet «Oppvekstvilkår for krigsbarna». Her med rapporten «Vi ville ikke ha dem». Foto: Privat
Historikar Lars Borgersrud er ein av forskarane som i 2001 byrja på det treårige forskingsprosjektet «Oppvekstvilkår for krigsbarna». Her med rapporten «Vi ville ikke ha dem». Foto: Privat

I 2001 byrja ei gruppe forskarar å undersøke oppveksten og levekåra til barna, på oppdrag frå sosialdepartementet. I rapporten «Staten og krigsbarna» undersøkte historikar Lars Borgersrud korleis staten og styresmaktene behandla krigsbarna dei første etterkrigsåra.

– Vår konklusjon var at generelt sett hadde krigsbarn som vaks opp i Noreg, ei veldig vanskeleg tid. Dei vart utsette for diskriminering i skole og samfunnet elles, og også i nokre tilfelle i heimen, seier Borgersrud.

Gjennom undersøkingar skåra krigsbarna lågt på levekårsvariablar som levealder, sjukelegheit, utdanningsnivå og inntektsforhold samanlikna med gjennomsnittsbefolkninga frå denne tida.

Barndomsbilde av Tove Laila Strand før ho vart send til besteforeldra i Tyskland. Foto: Privat
Barndomsbilde av Tove Laila Strand før ho vart send til besteforeldra i Tyskland. Foto: Privat

Uskuldige

– Dei var heilt uskuldige uansett kva som har gått føre seg, dei var jo barn. Men mødrene vart jo oppfatta som svikarar av storsamfunnet fordi dei hadde hatt ei kjærleiksforhold med ein tyskar, seier han.

Han fortel at sjølv om mødrene ofte vart framstilte som nazistar eller «NS-mødrer», er det ikkje noko som tyder på at det var fleire nazistar blant dei enn elles i befolkninga.

– Det typiske her, er at det var heilt vanlege jenter rundt om i landet. Du kan sjå for deg ei lita bygd der det var 50 innbyggjarar frå før, og så kom det dumpande 500 unge soldatar, som vart der i 4–5 år. Det er ikkje veldig overraskande at dei få jentene i bygda kom i kontakt med desse tyske gutane, seier Borgersrud.

At dei unge kvinnene og barna deira vart så hardt straffa, trur han har eit kjønnsaspekt.

– På den tida slo nok den kjønnsdelen veldig hardt inn. Mødrene til krigsbarna vart på ein måte sett på som forrædarar av nasjonen og nasjonens blod fordi dei fekk barn, seier han.

Portrettserien «Historiens ansikter» viser menneske med kvar sine historier frå krigen. Målar Vebjørn Sand har samtala med og måla menneska, og bilda er del av utstillinga Roseslottet. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Portrettserien «Historiens ansikter» viser menneske med kvar sine historier frå krigen. Målar Vebjørn Sand har samtala med og måla menneska, og bilda er del av utstillinga Roseslottet. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Rasetenking

Professor i psykiatri og overlege Ørnulv Ødegård, hevda i ei fråsegn til sosialdepartementet etter krigen at mange av desse mødrene var «svakt begavede, og også en del asosiale psykopater – delvis endog likefrem sinnssyke», og at dette kunne gå i arv hos barna. Han meinte òg at dei tyske fedrane kunne vere dårleg utvikla, og at det forsterka faren for at barna kunne bli tilbakeståande.

– Sjølv om dette var ein slags vitskap på den tida, veit vi i dag at dette berre var tøv. Det var ein ide om åndssvakheit og rase som vart sausa saman, som enda med slike hårreisande konklusjonar, seier Borgersrud.

Etter krigen vurderte «Krigsbarnutvalget» også å sende barna ut av Noreg. Det kom blant anna fram forslag om å sende 9.000 krigsbarn til Australia, men Australia takka nei.

Klarte seg sjølv

Strand måtte klare seg sjølv, og flytta heimanfrå som 15-åring. Da ho var 18, flytta ho til Oslo. Etter kvart gifta ho seg og fekk born. I fleire år var ho engasjert i jobben sin i arkivet i LO, men i alle år har ho hatt plager etter fysisk og psykisk misbruk i oppveksten. Til slutt vart plager av magesår for store til at ho kunne jobbe. Gjennom åra har ho alltid vore stolt av sin tyske familie, og har halde kontakten med slektningar i Tyskland.

Portretta av menneska som har kvar sine historier frå krigen, «Historiens ansikter», er måla av Vebjørn Sand, og er del av utstillinga Roseslottet. Foto: Beate Haugtrø / NPK
Portretta av menneska som har kvar sine historier frå krigen, «Historiens ansikter», er måla av Vebjørn Sand, og er del av utstillinga Roseslottet. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Strand ein av dei første i Noreg som torde å snakke offentleg om oppveksten som krigsbarn. Heilt sidan slutten av åttitalet har ho lagt mykje arbeid i å finne dokumentasjon og granske historia si, og å kjempe for krigsbarna. Ho var med å stifte Norges Krigsbarnforbund, og er ein av dei som gjekk i bresjen da fleire av krigsbarna i 2001 saksøkte den norske staten for brot på menneskerettane, og dei som i 2007 gjekk til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg med saka.

I retten både i Noreg og Strasbourg vart det hevda at saka var forelda. Krigsbarna fekk ei symbolsk billighetserstatning for ein øydelagd barndom. Nokre få som kunne dokumentere kva dei hadde vore utsette for, fekk høgare erstatning.

Gjennom åra har Tove Laila Strand hatt mykje plager. Men ho har aldri gitt opp.

– Du har vore veldig sterk og modig, eigentleg?

– Ja, veit du, det har eg, seier Strand.

Neste artikkel

Naturen som ladestasjon