Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hjortejakta har starta

Hjortejakta starta 1. september og varer fram til jul. I desse månadene blir om lag 45.000 hjort felt. Talmessig vert det skote langt fleire hjort enn elg.

Nærmare 50.000 jegerar i store delar av landet har lengta etter hjortejakta. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nærmare 50.000 jegerar i store delar av landet har lengta etter hjortejakta.

– Hjort kan jaktast på mange ulike måtar, så her er det ofte mogleg å velje den jaktforma ein likar best, seier fagsjef for jakt og fiske i Statskog, Jo Inge Breisjøberget i ei pressemelding.

Annonse

Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland er dei største hjortejaktfylka i landet, men også så langt nord som Nordland vert det jakta på hjort.

Talet på felte dyr har auka dei siste tiåra. I 1990 var talet rett under ti tusen dyr. No passerer ein 45.000.

Du kan jakte hjort åleine eller i eit jaktlag, med eller utan hund og både på innmark og i utmark.

Ifølgje hjortevilt.no gir hjortejakta over 2.000 tonn kjøt med ein førstehandsverdi på over 200 millionar kroner. I tillegg kjem store verdiar som jegerane legg att gjennom kjøp av overnatting, mat og andre varer og tenester i samband med jakta.

Neste artikkel

På fire år har over 3500 husdyr blitt påkjørt av toget