Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hjortefellingsrekord i Sogn og Fjordane

Etter å frykta for hjortebestanden i fylket, viser ferske tal at det er fleire hjort i Sogn og Fjordane no enn på lenge.

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

For første gong har det blitt skote over 12.000 hjort på ein jaktsesong i Sogn og Fjordane, skriv Firdaposten. Det er rundt 300 fleire enn i 2010, som var det tidlegare rekordåret.

Tala frå Naustdal er enno ikkje medrekna, så viltforvaltaren i Bremanger, Bjørn Henry Martinussen, trur talet vil ende på opp mot 12.800 felte dyr i 2017.

Martinussen seier dette tilseier at dei bør auke kvotane noko for neste jaktsesong.

Annonse

I Lærdal har det vore spesielt stort fellingsvekst, då den lokale stamma var planlagt redusert. Der har hjortedyra beita nær områda der CWD-smitten har råka villreinen.

Per Borglund: Bør vi ha svin på skogen?

Neste artikkel

En bølge av lokalt norsk øl til Berlin