Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Her slepp dei fleire tonn gulrøter og søtpoteter ned til svoltne klippekenguruar

Laurdag blei energi- og miljøministeren i New South Wales med nasjonalpark-tenesta på å prøve å redde dyra som svelt i skogbrannane. Det gjorde dei med grønsaker.

Energi- og miljøminister Matt Kean i New South Wales var laurdag med eitt av helikoptera som prøvar å redde svoltne dyr i skogbrannane. Foto: Matt Kean MP/Twitter
Energi- og miljøminister Matt Kean i New South Wales var laurdag med eitt av helikoptera som prøvar å redde svoltne dyr i skogbrannane. Foto: Matt Kean MP/Twitter

Mange tonn med gulrøter og søtpotet har blitt sloppe ned til utryddingstrua klippekenguruar i dei brannutsette områda i New South Wales den siste veka.

Miljøminister Matt Kean seier at matsleppinga er ein del av ei stor hjelpepakke som blir sett saman og levert over heile staten, skriv The Sun.

– Tilførsel av supplerande mat er ein av nøkkelstrategiane me brukar for å hjelpe trua artar som klippekenguruane med å overleve og bli friske, seier Kean.

Klippekenguruane, kjent som wallabies, er dei aller minste kenguruane. Dette er ein nyfødd klippekenguru i Kristiansand dyrepark våren 2008. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Klippekenguruane, kjent som wallabies, er dei aller minste kenguruane. Dette er ein nyfødd klippekenguru i Kristiansand dyrepark våren 2008. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Annonse

Manglar mat og vatn

Tidlege analysar viser at habitata til fleire viktige klippekenguru-bestandar har brenne opp i skogbrannane. Desse overlever typisk brannane i seg sjølv, men blir ståande att aleine utan tilgang til naturleg mat, sidan brannane øydelegg vegetasjonen rundt steinområda dei bur i, seier Kean.

Klippekenguruane har også slite med den pågåande tørken dei siste månadane, noko som gjer overleving utfordrande for dei små dyra viss dei ikkje får hjelp.

Berre den siste veka har altså fleire tonn med gulrøter og søtpotet blitt sendt til ei rekke område i New South Wales.

– Dette er den mest spreidde matdroppinga me nokon gong har gjennomført for klippekenguruar. Det vil hjelpe dei med å kunne bli i koloniane sine og kome seg på beina att, seier Kean.

Han lovar også at dei skal gje dyra mat og drikke fram til naturen rundt dei kan gjera jobben sin att. Dei skal også kontrollere rovdyra i nærleiken.

Neste artikkel

Lettelse etter regn over skogbrannene i Australia