Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Helsevesenet kjem ikkje til å nå måla om redusert antibiotikabruk

Sidan 2012 har bruken av antibiotikum gått ned med 24 prosent, ifølgje ein ny rapport. Målet er ein reduksjon på 30 prosent i 2020. Det målet når ein ikkje.

Antibiotika i både tablett- og flytande form. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
Antibiotika i både tablett- og flytande form. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Torsdag presenterte Helsedirektoratet ein statusrapport for norsk antibiotikabruk. Han viser at dersom alle sjukehusa hadde redusert antibiotikabruken like mykje som dei sjukehusa som reduserer mest, hadde ein nådd målet til regjeringa for antibiotikabruk.

I handlingsplanen til regjeringa for antibiotikaresistens har ein eit mål om 30 prosent reduksjon innan utgangen av 2020. Det målet kjem ein ikkje til å nå, ifølgje rapporten.

– Dersom alle helseføretak hadde same forbruk som gjennomsnittet for dei fem føretaka som ligg lågast, og som ikkje er spesialsjukehus, ville vi truleg nådd målet i handlingsplanen om 30 prosent reduksjon, skriv helsedirektør Bjørn Guldvog i ei pressemelding.

Annonse

Guldvog er tydeleg på kva som må til for å nå målet.

– Vi må i endå større grad bruke antibiotikum berre når det trengst. Nokre fastlegar, sjukeheimar og sjukehus klarer å nå måla for redusert antibiotikabruk, Guldvog.

Han meiner at det viser at det er mogleg å nå måla.

– No må vi jobbe vidare, slik at alle kjem på nivå med dei beste, skriv Guldvog.

Neste artikkel

Norske bønder får skryt for å holde antibiotikabruken nede