Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hedmarking er Årets birøktar

Stig Rune Sagberg frå Stange i Hedmark er kåra til Årets birøktar.

ÅRETS BIRØKTAR: Stig Rune Sagberg er kåra til Årets birøktar. Her saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale (t.v.) og Arne Hjeltnes som overrekte den nystifta prisen under matfestivalen Matstreif i Oslo fredag. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Det er Honningcentralen som står bak den nystifta prisen som blei delt ut for første gong under matfestivalen Matstreif i Oslo fredag.

I grunngjevinga heiter det at Sagberg er ein av dei dyktigaste birøktarane i Noreg. Det blir vist til at han har stor innsikt i birøktarfaget og at han deler villig av kunnskapen sin med kollegaene sine.

Kvalitetane til prisvinnaren kjem mellom anna fram i honningutbyttet, meiner juryen og viser til at Sagberg er bland dei som leverer mest honning i landet kvart år.

– Stig Rune Sagberg er ein lysande frontfigur i bransjen, slår juryen fast.

Annonse

Sjølv kunne prisvinnaren fortelja at han er oppvaksen med bier og at familien hans har drive med bier i 84 år.

I noregsmeisterskapen i honning blei det også delt ut ei rekkje andre prisar, mellom anna "Fremtidens birøkter" og beste honning i ulike kategoriar. Målet med kåringane er å setja søkjelyset på birøkting og norsk honning.

– Vi i Honningcentralen trur ikkje forbrukarane er klar over kor mykje forskjellig og fantastisk honning det blir laga i Noreg. Difor ønskjer å løfta fram dei flinke birøktarane og kva dei gjer, seier kvalitetssjef Tora Snorradottir i Honningcentralen til Nynorsk pressekontor.

Neste artikkel

Mann omkom i traktorulykke i Hedmark