Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Havvind: Regjeringa opnar for nye område

Regjeringa opnar for nye område for havvind-utbygging. Dei første tildelingane av areal skjer tidleg i 2022.

Regjeringa skal satse hardt på havvind. Biletet er frå Equinors Hywind Buchan vindmølleanlegg utanfor Skottland. Foto: Øyvind Gravås / Equinor / NTB / NPK
Regjeringa skal satse hardt på havvind. Biletet er frå Equinors Hywind Buchan vindmølleanlegg utanfor Skottland. Foto: Øyvind Gravås / Equinor / NTB / NPK

Olje- og energiminister Tina Bru (H) fortalde tysdag om planane på Floating Wind-konferansen i Haugesund.

– Dette er eigentleg den viktigaste energi- og industriplanen som har vorte langt fram på mange, mange år. Den seier noko om korleis vi skal produsere nok straum til både å kutte utsleppa, men også skape nye arbeidsplassar og leggje til rette for meir industriutvikling, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) til NRK.

Dei første tildelingane av areal skal skje tidleg neste år. Regjeringa opna i fjor to område på norsk sokkel for havvind: Utsira nord og sørlege Nordsjø II. Her har det vore stor interesse.

Vil opne opp fleire område

Ifølgje Nettavisen vil styresmaktene opne fleire område for havvind-produksjon på norsk sokkel. I ei konsekvensutgreiing skal NVE sjå etter fleire område som eignar seg for vindkraftproduksjon til havs. Denne prosessen er venta å ta opptil to år.

Annonse

Botnfast havvind må klare seg utan offentleg støtte, medan flytande havvind kan få støtte frå Enova. Aktørane må sjølv betale for straumnettet til havs, skriv NRK.

Fornøgd med planane

Direktør for Norsk olje og gass, Anniken Hauglie, er fornøgd med havvindplanen til regjeringa.

– Regjeringa tek viktige steg for å få til ei vellykka industriell satsing på havvind i Noreg som vil sikre at teknologi og kompetanse som er bygd opp rundt olje- og gassnæringa, kan vidareutviklast og danne grunnlag for verdiskaping og arbeidsplassar etter kvart som petroleumsaktiviteten på norsk sokkel gradvis blir mindre, seier Hauglie til NTB.

Ho meiner forslaga til regjeringa er eit langt steg i riktig retning, og seier det er viktig at Stortinget no følgjer opp.

(©NPK)

Neste artikkel

Rask heving av inntekta kan gi bismak for bønder