Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Havforskarane tilrår nesten halvering av sildekvoten

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår ein kvote på 384.000 tonn NVG-sild neste år, ein reduksjon på over 40 prosent.

Havforskarane kuttar kraftig i kvoterådet for NVG-sild for neste år. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
Havforskarane kuttar kraftig i kvoterådet for NVG-sild for neste år. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

ICES trekte tidlegare denne månaden tilbake kvoterådet for norsk vårgytande sild (NVG-sild) på grunn av feil i utrekninga av bestanden.

Det nye kvoterådet er godt under det opphavlege og nærmare kvoterådet for 2016, som var på rundt 317.000 tonn.

For 2017 tilrådde ICES ein sildekvote på over det dobbelte, 646.000 tonn.

I bransjeorganisasjonen Sjømat Norge er dei oppgitt over at kvoteråda varierer så mykje frå år til år.

Annonse

– Kvotar som sprett opp og ned, gjer marknadene ustabile. Forvaltarane bør sjå nærare på mekanismar som kan regulere fangsten meir stabilt, seier fagsjef Kyrre Dale i Sjømat Norge til fiskeriavisa Kyst og Fjord.

Havforskarane tilrår elles at rundt 200.000 tonn av sildekvoten for 2017 får stå i havet. Noreg har så langt i år fiska opp halvparten av sin del av kvoten, som er på 433.000 tonn.

Den gode tilgangen på sild i år har ført til svært låge prisar og ustabile marknadsforhold.

Neste artikkel

– Vi bidrar til at folk får smake på villaksen