Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Har du sett gaupefamiliar?

Statens naturoppsyn (SNO) vil gjerne at folk tek kontakt dersom dei har sett fleire gauper i lag. Den årlege registreringa av familiegrupper av gauper har starta.

Det er tid for å registrere gaupefamiliar. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Det er tid for å registrere gaupefamiliar. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Ei familiegruppe består av ei morsgaupe i følge med ein eller fleire ungar.

– Vi oppfordrar folk til å melde frå om observasjonar av fleire gauper i lag, enten det er spor eller observasjonar av dyr. Du kan melde frå på telefon til den lokale rovviltkontakten i SNO eller via rapportsystemet Skandobs, som er tilgjengeleg både på internett eller via app på mobiltelefon, seier leiar Jonas Kindberg i Rovdata.

Annonse

Rovdata brukar tal på registrerte familiegrupper til å rekne ut storleiken på gaupebestanden i landet.

– Gaupebestanden er i 2019 rekna til å vere om lag 323 dyr i Noreg, ut frå 55 registrerte familiegrupper. Dette var status før kvotejakta starta i år. Talet på familiegrupper har dei siste sju åra lege under det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege familiegrupper av gaupe, fortel Kindberg.

Registreringa vert avslutta ved utgangen av februar månad fordi då startar paringstida, og det blir då vanskelegare å skilje mellom ei familiegruppe av gaupe og fleire vaksne gauper som går saman.

Neste artikkel

Ny isbjørn sett ved Longyearbyen