Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hannulv skoten i Løten

Ein hannulv blei skoten under skadefelling i Løten fredag kveld.

Denne hannulven blei skoten i Løten fredag kveld. Foto: Løten skadefellingslag
Denne hannulven blei skoten i Løten fredag kveld. Foto: Løten skadefellingslag

Det kommunale skadefellingslaget rykka ut etter bilde på eit viltkamera i 17-tida fredag ettermiddag. Kort tid etterpå var ulven død.

– Det stemmer at det blei skoten ein hannulv på om lag 1,5 år og 39 kilo oppe i Rokoberget i Løten klokka 18.00 i dag, stadfestar fellingsleiar Thomas Palerud i Løten skadefellingslag til Nationen.

Han fortel at det blei nytta «løs, på drevet halsende hund» – altså ein hund som spring laus og driv viltet framfor seg medan den bjeffar.

Annonse

– Me hadde ikkje lukkast utan hund, så det er veldig viktig å ha høve til å bruke hund under skadefelling på barmark, seier Palerud.

Neste artikkel

Trosvik hadde besøk av statsråden: – Vi føler oss makteslause