Undersøkinga er gjennomført av Norstat for Opplysingskontoret for Meieriprodukt.
– Kvart år opplever vi at framsidene på nettavisene, bloggar og vekeblad er fulle av kosthaldsråd og slanketips i januar. Ofte kjem råda frå sjølverklærte ekspertar som frontar kosttilskot og ekstreme diettar. Det er eit massivt trykk, så det er ikkje så rart at ein blir påverka, seier Ida Berg Hauge i Opplysningskontoret for Meieriprodukt i ei pressemelding.
Ho legg til at vanleg mat er bra nok, og at ein kjem langt med å følgje kosthaldsråda frå helsestyresmaktene. Det inneber passelege mengder grove kornprodukt, magre meieriprodukt, magert kjøt og fisk, og rikeleg med frukt og grønsaker.
Det som uroar Hauge mest er at i same undersøking seier ein av fire at dei mistar matgleda av alt fokuset på kosthald.
– Det er utruleg synd at så mange opplever at alt ståket rundt kosthald går utover matgleda. Vi opplever at debatten ofte handlar om å kutte ut heilt vanlege matvarer som mjølk og brød. Det kan verke uskuldig, men summen av stemmer i inn- og utland, på Facebook-veggen og på avisframsidene kan skape mange dårlege kjensler knytt til det vi et.