Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gunnhild Skjold innstilt som leiar i Målungdommen

Valnemnda innstiller på at Gunnhild Skjold (24) frå Tromsø skal få attval som leiar i Norsk Målungdom. Ho har vore leiar sidan 2019.

Gunnhild Skjold og Norsk Målungdom vil innføre bøter i den nye språklova for å sikre at ho blir følgt. Foto: Ingunn Vespestad Steinsvåg / Norsk Målungdom
Gunnhild Skjold og Norsk Målungdom vil innføre bøter i den nye språklova for å sikre at ho blir følgt. Foto: Ingunn Vespestad Steinsvåg / Norsk Målungdom

– Norsk Målungdom er ein organisasjon i vekst, og det ser vi no at sentralstyret kan hauste frukter av. Vi innstiller på eit sentralstyre med fire heilt nye sentralstyremedlemmar. Då er vi særleg glade for at Gunnhild Skjold vil halde fram som leiar, og fortsetje det gode arbeidet for eit større, sterkare og meir slagkraftig Norsk Målungdom, seier Eline Bjørke, leiar i valnemnda.

Valnemnda har innstilt Ingunn Vespestad Steinsvåg frå Stord som første nestleiar, Noa Sebastian Skaare Gjerseth frå Volda som andre nestleiar og Frida Pernille Mikkelsen frå Sunnfjord som skrivar. Som sentralstyremedlemmar har dei innstilt Ragnhild Mikalsen Kvifte frå Osterøy, Erling Løklingholm Leivestad frå Stord, Tobias Christensen Eikeland frå Oslo og Ådne Reidar Nes Kleppe frå Stad.

Annonse

Norsk Målungdom held landsmøte 27.–29. mars på Ås.

Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom. Foto: Ingunn Vespestad Steinsvåg / Norsk Målungdom

Neste artikkel

Tilbyr bønder gratis veterinærhjelp under koronakrisen