Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grunneigarar usamde om vindmøller i Gaular

Fleire grunneigarar stiller seg positive til utbygginga av vindmøller i fjellpartiet mellom Gaular og Høyanger.

Grunneigarar i Gaular er ueinige i vindmøllesaka. Foto: Siri Juell Rasmussen

Fred. Olsen Renewables har kontakta grunneigarar for å få tilgang til området mellom Viksdalsvatnet og Høyanger for å byggje mellom 40 og 80 vindmøller. Responsen har vore ulik, men meir enn 30 grunneigarar frå dei to kommunane har så langt inngått avtale med utbyggjaren, skriv NRK.

– Eg synest det er spennande. Eg ser ikkje noko negativt i det. Det er vel omtrent som kunst. Nokon likar ein del kunst og andre synest det er stygt. Men, stort sett blir kunst godteke etter ei tid uansett, seier ein av grunneigarane, Gunnar Råheim.

Annonse

Ingunn Kjelstad er òg grunneigar og har utsyn til det aktuelle fjellpartiet. Ho er ein av initiativtakarane til ein eigen informasjonskomité mot vindkraftutbygging i Gaular og har saman med fleire skrive ein uttale til kommunen der dei åtvarar mot inngrep i naturen. Dei fryktar mellom anna støy, visuell forureining, vegar og fyllingar.

– Det er fullstendig tragisk dersom det blir utbygging. Det er eit inngrep som ikkje er mogleg å reversere. For meg så ser dette meir ut som eit profittjag enn som eit klimaformål. Det er nokre få som tener store pengar på det her, seier ho.

(©NPK)

Neste artikkel

NVE-analyse: Motstand i folket kan føre til stans i norsk vindkraftutbygging