Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gründerar leiger ut geiter til folk som vil bli kvitt småskog

Bønder i Gloppen i Sogn og Fjordane skal leige ut geiter til folk som ønskjer mindre småskog på eigedommane sine. Geitene er alt no fullbooka ut året.

Gründerar i Gloppen i Nordfjord skal leige ut geiter til folk som vil bli kvitt småskog. Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK

Det er bonden Per Kandal og naboen Torstein Kollevåg i Gloppen som har starta med geiteutleige.

– Det er ikkje graset som er interessant, men skog, buskar og tre. Småskogen som Noreg no gror igjen med, seier Kollevåg til Firda.

Annonse

Kandal meiner landbruket går i ei retning der ein må tenkje nytt. Prosjektet har førebels fått 30.000 kroner frå Gloppen kommune som startkapital til geiteutleige, og allereie no har gründerane fått i stand to avtalar for å rydde småskog.

– Vi får ei tredje inntekt på dyra våre. Potensialet er kjempestort, meiner Kollevåg.

Når geitene blir sende ut i felten, blir dei styrte via ein mobilapp. Bøndene teiknar eit område på eit kart på mobilen. Dersom geitene nærmar seg den oppteikna grensa, får dei høyre ein stigande lyd, før dei får ein støyt om dei går over grensa.

Ifølgje Kandal og Kollevåg lærer geitene etter to-tre støytar, noko som gjer at dei i praksis får sett opp eit usynleg gjerde som kan flyttast på.

Neste artikkel

Fleire bønder seier økonomien har gått i feil retning