Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grieg Seafood vil opne havbrukssenter på Finnøy

Grieg Seafood Rogaland planlegg å investere rundt 16 millionar kroner i eit havbrukssenter på Judaberg i Finnøy kommune.

Planen er at bygget skal stå ferdig i 2020, og huse hovudkontoret til Grieg Seafood Rogaland og eit operasjonssenter med fôringssentral. I tillegg skal andre havbruksaktørar i regionen få disponere delar av lokala.

Annonse

– Grieg Seafood Rogaland skal utvikle bedrifta. Samtidig vil vi vere med på å vidareutvikle heile havbruksnæringa i Rogaland, seier samfunnskontakt Liv-Marit Aaseth i Grieg Seafood Rogaland til iLaks.

Grieg Seafood må truleg ut med om lag 3,5 millionar kroner for tomta. Dei skal forhandle vidare med Finnøy kommune etter påske.

©NPK

Neste artikkel

Svak nedgang for gaupebestanden i Skandinavia