Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Grav fram hytta i tide

Det kan kome store snømengder på Sør- og Austlandet i tida framover. Forsikringsselskap ber hytteeigarar passe på hyttetaka sine.

Når det kjem store snømengder, er det smart å måke hyttetaket. Foto: Frende Forsikring

– Mange tonn med snø kan gi store skadar på heile konstruksjonen til familiehytta, seier skadesjef Yngve A. Høvig i Frende Forsikring i ei pressemelding.

Tung snø og skadar etter snøpress kostar norske hytteeigarar og forsikringsselskap mange millionar kroner kvart einaste år.

Dei siste tre åra har slik snøpress-skade i snitt kosta 50.000 kroner kvart år, viser analysar frå Frende.

– Allereie når snømengda nærmar seg ein halv meter, må du vere oppmerksam, seier Høvig.

Annonse

Hyttetaket bør måkast jamleg gjennom vinteren. Sjølv om snøen dalar lett blir han fort mange tonn tung når den pakkar seg på taket. Mildvêr og regn gjer situasjonen endå verre.

– Med tung snø risikerer du at konstruksjonen gir etter. Vi har fleire døme på at heile bygningen kollapsar, men mange av skadane ser vi på takutstikk og overbygg, seier Yngve Høvig. Han fortel om ei rekke skadar også på terrassar, som ikkje er dimensjonerte for at store snømengder rasar eller vert måka frå tak.

Neste artikkel

En bølge av lokalt norsk øl til Berlin