På slutten av 70-talet var det ingen grågjæser i Kvitsøy i Rogaland. Teljingar dei siste åra viser at det no er minst 100 par med hekkande grågås på dei mange holmane i kommunen, ytst på rogalandskysten.
Langs heile kysten er trekkfuglen blitt eit vanleg syn om våren.
Bønder har prøvd skremmetiltak, skadefelling på våren og plukking av egg utanfor verneområda for å få ned talet på grågjæser, men til liten nytte.
– Gjæsene øydelegg beiter og dyrka mark. Dei beiter ned, dei drit ned og dei fører til trakkeskadar, seier ein fortvila leiar i Kvitsøy Sau og Geit, Henrik Haaland, til NRK.
Kvart par kan få opp imot fem ungar. I juni og juli kan det vere så mange som 750 gjæser i Kvitsøy.
– Vi får ikkje lov til å plukke egg i verneområda. Det er der dei fleste hekkar. Viss vi får plukke der, meiner eg at vi skal klare å halde gåsebestanden i sjakk og vonleg vis redusere talet på grågås, seier Haaland.
To gonger tidlegare har sauebøndene søkt om å få gå inn i verneområda for å fjerne egg. Begge gongene er det blitt avslag.
Resultatet av teljing og dokumentasjonen av grågåsbestanden dei siste tre åra, gjer at det er von om å få gjennomslag denne gongen.
Fylkesmannen i Rogaland har enno ikkje behandla den siste søknaden om eggplukking i verneområda.
(©NPK)