Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gløym Frp-lista – her er distriktsungdommens krav til Erna

Ungdommens distriktspanel hadde sitt fyrste møte i Oslo fredag. Det fann stad i ein fasjonabel bustad i Inkognitogata.

Sofie Persdatter Sangnæs (t.v.), Trym Talgø Olsen, Tobias Eriksen, Erna Solberg og Cecilie Skrindo. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Sofie Persdatter Sangnæs (t.v.), Trym Talgø Olsen, Tobias Eriksen, Erna Solberg og Cecilie Skrindo. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Det er fredagsmorgon i Oslo. Inne i resepsjonen i eit hotell i sentrum sit ti spente ungdommar. Dei ser kvasse ut, ikkje som i at ein kan skjere seg på dei, men som i det engelske omgrepet «sharp». Asfalten er regnvåt og det dunkle januarmørkret ligg som ei tåke over byen.

Ungdommane kjem frå distrikta rundt i landet. Det er éin ungdom frå kvart av Noregs nye fylke utanom Oslo. Her kan ein faktisk ikkje kalle seg distriktsungdom.

Dei er alle ti medlemar av det nyoppretta Ungdommens distriktspanel, eit initiativ frå regjeringa si side. Dei har blitt valt ut blant meir enn hundre søkarar gjennom ein rekrutteringsprosess. Dette er fyrste gong dei møter kvarandre. Dei skal på eit såkalla «kick-off», eit ungt ord for «oppstart» me nordmenn har adoptert frå det engelske språk.

Neste vår skal dei legge fram forslaga dei har i oppgåve å forfatte i løpet av det neste året for statsministeren. Det skal vera ei liste med forslag til kva regjeringa kan ta seg til for å gjera distrikta attraktive å bu i for nettopp dei unge. Dei ti råda skal politikarane ta med seg inn i samtalane om framtidas distriktspolitikk.

Sjå kva råd dei vil ha med på lista nedst i saka.

Vel inne i ein maxi-taxi er dei alle saman på veg til sjølvaste statsministerbustaden i Inkognitogata. Det er her kick-offet skal finne stad. Dei skal møte Erna Solberg (H) og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland helsar på ungdommane. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland helsar på ungdommane. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Vil høyre synspunkta

Rundt eit langbord i ei av stovene i statsministerbustaden har alle ungdommane og dei to politikarane sett seg. På bordet står det bollar og brus.

– Det er heilt sprøtt, i natt drøymde eg at eg åt kanelbollar med deg, seier Marthe Øijord (16) frå Meløy i Nordland til statsministeren. Alle ler. No går draumen i oppfylling.

– Det er spennande å høyre synspunkta dykkar på kva de tenker er det viktigaste for å bli eller for å returnere til heimstadane dykkar, seier Erna Solberg.

Samtalen handlar om distrikta dei kjem frå. Kva dei har. Kva dei gjerne skulle hatt. Det er mykje snakk om arbeidsplassar. Kor vanskeleg det er å vera innflyttar på små stader. Nærleik til vidaregåande skular. Høgare utdanning. Kollektivtransport.

– Me er sjølvsagt interesserte i å få vite kva me kan gjera i dag for å kanskje hindre at dei unge flyttar frå kommunen sin, eller i alle fall for å sikre at dei vil flytte heim att. Det er dei to tinga me kan gjera noko med, seier Monica Mæland.

Statsministeren, moderniseringsministeren og resten av ungdommane lyttar engasjerte til Hans Kristian Knudsen frå Sogndal. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Statsministeren, moderniseringsministeren og resten av ungdommane lyttar engasjerte til Hans Kristian Knudsen frå Sogndal. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Vil bli psykolog i heimkommunen

– Er det nokon av dykk som planlegg å flytte vekk frå kommunane dykkar?

Det er Mæland som spør.

Fleire svarar ja. Nokon har flytta for å gå på vidaregåande. Nokon har flytta for å ta høgare utdanning.

– Eg vil bli psykolog fordi kommunen er pålagt å ha ei psykologstilling, seier Tobias Eriksen (16) frå Båtsfjord i Troms og Finnmark. Han skal med andre ord flytte ut for å studere og så kome heim att.

Etter praten rundt bordet får alle ta bilde saman med statsministeren og moderniseringsministeren. Dette er starten på det dei håpar vil bli eit godt samarbeid.

Nationen tar med seg vertinnene til sides for ein alvorsprat.

– Korleis vil de vise ungdommane at de tar forslaga deira på alvor?

– Det er utruleg fint og viktig å få direkte impuls frå ungdommen i slike saker. Dei kan gje oss meir kreative og annleis idear. Det er dei som lever i det og kjenner problemstillingane på kroppen, seier Solberg.

– Forhåpentlegvis vil me kunne ta desse forslaga på alvor. Me håpar dei gjev oss gode innspel. Det er dei her som går i skoa. Me må høyre på dei. Me kan ikkje snu store, globale trendar, men me har sikre busetnad i mykje større grad enn i Sverige, til dømes. Me må halde på og utvikle distriktspolitikken vår, seier Mæland.

Statsminister Erna Solberg (H) og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Foto: Line Omland Eilevstjønn
Statsminister Erna Solberg (H) og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Foto: Line Omland Eilevstjønn

Spørsmål: Kva er det viktigaste for deg i distriktspolitikken?

Annonse
Tobias Eriksen (16) frå Båtsfjord i Troms og Finnmark. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Tobias Eriksen (16) frå Båtsfjord i Troms og Finnmark. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Tobias Eriksen (16) frå Båtsfjord i Troms og Finnmark.

– Ein lokal vidaregåande skule på alle stadar. Mange må flytte heim att fordi dei ikkje klarar å bu heimanfrå så tidleg, og det er mange som ikkje har råd til å bu borte på berre stipend. Ein vidaregåande skule hadde sytt for ei engasjert bygd med liv. I tillegg har eg mange innspel til endringar i fiskeripolitikken. Særleg kvotesystemet, seier Eriksen, som understrekar at han kjem frå same stad som forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Marthe Øijord (16) frå Meløy i Nordland. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Marthe Øijord (16) frå Meløy i Nordland. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Marthe Øijord (16) frå Meløy i Nordland.

– Vidaregåande skular er viktig for meg. Det er ikkje lett å flytte heimanfrå når du er femten-seksten år. Eg pendlar ein time i buss for å kome meg til vidaregåande, men då bur eg i alle fall heime, seier Øijord.

Kennet Tømmermo Reitan (19) frå Røyrvik i Trøndelag. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Kennet Tømmermo Reitan (19) frå Røyrvik i Trøndelag. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Kennet Tømmermo Reitan (19) frå Røyrvik i Trøndelag.

– Det er at eit samfunn skal fungere rett og slett. At det er kompetanse og tenester der. Kollektivtransport snakka me om tidlegare. Der eg kjem frå er det ein stor buss som går stort sett kvar morgon og kvar ettermiddag. Der kunne bestillingsdrosjer ha fungert, til dømes, seier Reitan.

Nikola Bileska (14) frå Averøy i Møre og Romsdal. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Nikola Bileska (14) frå Averøy i Møre og Romsdal. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Nikola Bileska (14) frå Averøy i Møre og Romsdal.

– Det viktigaste for meg er møtestader for ungdommar og kollektivtilbod som kan få dei til og frå. Det er ikkje vits å ha det eine utan det andre, seier Bileska.

Hans Kristian Knudsen (19) frå Sogndal/ Balestrand i Vestland. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Hans Kristian Knudsen (19) frå Sogndal/ Balestrand i Vestland. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Hans Kristian Knudsen (19) frå Sogndal/Balestrand i Vestland.

– Eg er litt inhabil når eg seier dette, for eg er nestleiar i komiteen som jobbar med dette i kommunen min, men eg synest det viktigaste er heilskapleg samfunnsutvikling. At ein utviklar nye tiltak med heile distriktet i bakhovudet. Eit eksempel er at dei har eit stort bustadprosjekt på Stord der dei bygger nye hus, medan det står mange tomme hus der frå før. Å bygge nye aukar berre talet på bustadar utan at dei får folk til. Dei må har arbeidsplassar. Sogndal, kommunen min, er ein kommune som har klart å handtere det på ein god måte. Me er den kommunen i Vestland som har størst prosentvis folketalsutvikling i fjor, og det er fordi me tenker bustad, spennande arbeidsplassar og tilbod på same tid. Det skapar eit godt fundament for tilflytting, seier Knudsen.

Trym Talgø Olsen (17) frå Eigersund i Rogaland. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Trym Talgø Olsen (17) frå Eigersund i Rogaland. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Trym Talgø Olsen (17) frå Eigersund i Rogaland.

– Mitt krav ligg i at me må legge til rette for ungdom. Eg bur sjølv i distriktet og går på ein distriktsskule. Eg ser klasseforskjellar mellom distriktsskulane og dei sentrale skulane. Fasilitetsmessig kan eg gå med på at alt ikkje kan vera likt, men tilbodsmessig må det vera det. Eg er for at me må legge til rette for at distriktsskulane er attraktive å gå på. Til dømes har du ambulanselina i Sauda, som er den einaste i Rogaland. Det trekker folk. Når me fyrst har gjort skulane attraktive med særeigne liner, må ein gjera det same for lysta til å bu der. Hyblane er til dømes veldig dyre. Eg er veldig for internat. Dette er mi hjartesak, seier Olsen.

Siri Heimdal Knudsen (15) i Søgne i Agder. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Siri Heimdal Knudsen (15) i Søgne i Agder. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Siri Heimdal Knudsen (15) frå Søgne i Agder.

– At alle får lov til å bli inkludert i samfunnet. At ingen blir stengt ute basert på kunnskap eller at dei ikkje kjenner næringslivet. Eg ville innført eit fag som til dømes kunne heite «Arbeidsglede». Det kunne gjeve folk kjennskap til arbeidslivet. Då trur eg det ville blitt mindre feilutdanningar og ei tilknyting til arbeidsplassane der du bur, seier Knudsen.

Anne Snarteland (23) frå  Fyresdal i Vestfold og Telemark. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Anne Snarteland (23) frå Fyresdal i Vestfold og Telemark. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Anne Snarteland (23) frå Fyresdal i Vestfold og Telemark.

– Det å få arbeidsplassar til dei som vil heim. Helse, tryggleik, beredskap og samferdsel. Det må vera greitt å flytte seg frå A til B i bygda, og det må vera greitt å kunne pendle. Landbrukspolitikk er viktig for meg. Eg vurderer å ta over garden heime. Landbruk er viktig, for der det er landbruk er det folk. Både på det ytste skjær og i den inste fjord. Det må også vera noko ekstra for at ungdom skal ville flytte heim att. Eit føreseieleg jordbruk som unge kan tore å satse på, seier Snarteland, som fortel at det er når ho tenker på å skulle flytte heim utan å få med seg kjærasten sin at ho forstår kvifor «Jakten på kjærligheten» eksisterer.

Cecilie Skrindo (17) frå Ål i Viken. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Cecilie Skrindo (17) frå Ål i Viken. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Cecilie Skrindo (17) frå Ål i Viken.

– Å behalde tenestene nær folket. Det er alfa og omega. Blir det tungvint å bu i distriktet så flyttar folk. Me har mista lensmannskontor og skattekontor der eg kjem frå. Me ser tendensar til sentralisering. Regjeringa meiner dette skal vera til distriktets beste, så får me sjå, då.

Sofie Persdatter Sangnæs (22) frå Gran i Innlandet. Foto: Line Omland Eilevstjønn
Sofie Persdatter Sangnæs (22) frå Gran i Innlandet. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Sofie Persdatter Sangnæs (22) frå Gran i Innlandet.

– At meiningane til folk skal bety like mykje uansett kvar ein bur. Ungdom på bygda må bli høyrde. Slik sett er dette ein gyllen moglegheit. Av praktiske ting er det arbeidsplassar som er viktige. At ein kan ta høge utdanningar og få seg relevante jobbar på bygda, seier Sangnæs.

Neste artikkel

Staten kan ta over nedleggingstruede Widerøe-flyginger