Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Genmodifisert nellik blir tillaten i Noreg

Nelliktypane kalla «Moonaqua» og «Moonvista» blir tillatne å importere til Noreg som avskorne blomar, skriv Klima- og miljødepartementet.

Nellikane som er produsert i Colombia og Ecuador er eit produkt av ein kvit nellik som er vorte tilført gen frå petunia og fiol for å få lilla farge på blomen.

EU har allereie godkjent dei to nelliktypane, men den norske genteknologilova seier at Noreg sjølv kan gjere eit vedtak om vi vil tillate genmodifiserte organismar (GMO-ar) frå EU si liste.

Annonse

Genteknologilova slår fast at GMO-ar i Noreg må vere framstilt på ein etisk og samfunnsmessig forsvarleg måte, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling og utan skadeverknadar på helse eller miljø.

I 2017 la Noreg ned eit forbod mot ein genmodifisert maistype og tre rapstypar.

Neste artikkel

Er nordmenn klare for genredigert laks, hvete eller poteter?