Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Genetisk viktig ulv slår seg ikkje til ro

For tre veker sidan blei ein genetisk viktig ulv flytta frå Engerdal til Kongsvinger. Målet var å skjerme ulven frå jakt, men førebels ser ikkje ulven ut til å slå seg til ro i Kongsvingerområdet.

Statens naturoppsyn har merka og flytta ein genetisk viktig ulv i Engerdal, for å skjerme han frå jakt. Foto: Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet
Statens naturoppsyn har merka og flytta ein genetisk viktig ulv i Engerdal, for å skjerme han frå jakt. Foto: Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet

– Ulven har den siste tida opphalde seg ein periode utanfor ulvesona, vest for Glomma i Hedmark. Han har flytta seg mykje dei vekene han har vore radiomerka. På det meste over 30 kilometer i luftlinje på eit døgn, seier seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratets viltseksjon i ei sak på nettsidene deira.

Lisensfellingsperioden for ulv utanfor ulvesona starta 1. desember og varer til 31. mai. Fordi denne ulven er genetisk viktig, har Fylkesmannen i Innlandet avgrensa fellingsområdet for å unngå at han skal bli skoten i lisensfellinga.

Annonse

– Ut frå dei vandringane vi har sett til no, er det sannsynleg at ulven kan flytte seg til nye område. Det kan gi kontinuerlege endringar i lisensfellingsområdet for ulv. Derfor er det viktig at ulvejegerar forsikrar seg om at det er opna for felling i områda deira, seier Vangen.

Ulven blir antatt å vere innvandrar frå Finland eller Russland, og han blir rekna som «genetisk viktig» fordi han tilfører nye genar til den innavlsprega skandinaviske ulvestammen.

(©NPK)

Neste artikkel

Frp vil felle flere ulveflokker