Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Geit arrestert i India for å ikkje bruke munnbind

Då eigaren fekk høyre kva som hadde skjedd forta han seg til politistasjonen.

Ei geit i den indiske byen Kanpur måtte bli med i arresten i helga. Grunnlag: geita hadde ikkje på seg munnbind. (Den avbilda geita er frå Tynset i Nord-Østerdalen, og er fullstendig uskuldig i saka). Foto: Benjamin Hernes Vogl
Ei geit i den indiske byen Kanpur måtte bli med i arresten i helga. Grunnlag: geita hadde ikkje på seg munnbind. (Den avbilda geita er frå Tynset i Nord-Østerdalen, og er fullstendig uskuldig i saka). Foto: Benjamin Hernes Vogl

I eit bisart tilfelle av brot på korona-retningsliner blei i helga ei geit arrestert av politiet i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Grunnen til arrestasjonen skal ha vore at geita ikkje hadde på seg munnbind der den vandra gatelangs.

Politiet i området Becon Ganje i byen Kanpur tok med seg geita i ein Jeep, skriv den indiske avisa National Herald.

Då eigaren fann ut at geita hans hadde blitt arrestert forta han seg til politistasjonen for å hente den.

Etter å ha diskutert att og fram med politiet fekk han til slutt lov til å ta med seg geita heim. Vilkåret han fekk var at geita ikkje skulle få lov til å vandre rundt på vegen.

Kretsoffiser Saifuddin Beg ved Anwarganj politistasjon fortalde til lokale media i ettertid at hendinga fann stad fordi dei fyrst hadde funne ein ungdom utan munnbind saman med geita.

Annonse

– Då han såg politiet sprang han av stad og lét geita vera att. Det var då politiet tok med seg geita i staden, seier Beg.

– Så gav me geita tilbake til eigaren sin, legg han til.

Ein av politimennene som arresterte geita vedgjekk at grunnen til arrestasjonen var at geita hadde brote koronareglane. Han stilte spørsmålet:

– Folk får hundane sine til å bruke munnbind no, så kvifor ikkje geiter òg?

Etter mykje vitsing på sosiale media skal politiet ha endra sin versjon av kva som skjedde, skriv avisa.

Neste artikkel

Arla sender hjem 1500 ansatte