Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gartnerhallen vil ha ein milliard over fem år i jordbruksoppgjeret

Gartnerhallen vil doble omsetjinga av norske grønsaker, og ønskjer ein milliard over fem år i årets jordbruksoppgjer. - Vi treng både økonomisk investering og risikoavlasting, seier Gartnerhallen-direktøren.

Gartnerhallen ønskjer ein milliard over fem år, mellom anna for å sikre klimatilpassing av grøntsektoren i Noreg. Her er Elisabeth Morthen, administrerande direktør i Gartnerhallen avbileta i ein gulrotåker under tørkesommaren 2018. Bak henne står gulrotprodusent Einar Dyste. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Vi ventar framleis sterk vekst i frukt- og grøntkonsumet i Noreg, og denne veksten meiner vi må dekkjast med norsk produksjon i størst mogleg grad. Då treng vi både investeringsmiddel og risikoavlasting. Det ville vere ein fallitt å dekkje dette med import, seier administrerande direktør i Gartnerhallen, Elisabeth Morthen.

Ho føreslår eit vekst- og innovasjonsprogram for grøntsektoren på ein milliard kroner over fem år.

– Vi etterlyser nærings- og investeringsstøtte, på same måte som andre næringar. Vi bed ikkje om areal- eller produksjonstilskot. Og vi etterlyser større politiske ambisjonar for grøntnæringa, seier Morthen.

Trippel risiko

Ho forklarer at Norske grønprodusentar har ein trippel risiko. Dei er marknadsutsette fordi 90 prosent av inntektene kjem frå marknaden, dei har kapitalrisiko, og klimarisiko.

– Regnsommaren 2017 og tørkesommaren 2018 er døme på dette. Vi treng investeringar for å minske risikoen slik at vi kan satse på vekst og også få inn nye aktørar i næringa, seier ho.

Morthen fortel at grøntnæringa i Noreg ønskjer å doble omsetjinga. per i dag ligg omsetjinga på om lag fire milliardar. Gartnerhallen står for om lag 60 prosent av dette, opplyser ho.

– Milliarden vi bed om kan takast innanfor rammene i jordbruksavtalen. Grøntnæringa har store vekstmoglegheiter, og då bør ein nytte desse midla, seier Morthen.

Annonse

Fire satsingar

Ho fortel at milliarden vert føreslått delt på fire separate delsatsingar.

– Den eine satsinga er støtta til veksthusnæring, mellom anna til omlegging frå fossil til fornybar energi, og til å utvide vekstsesongen for norske tomatar, agurkar, salat og liknande. Den andre er utvikling og utprøving av sortar, mellom anna for å tilpasse dei til norsk klima. Så er det klimaomstilling for investeringar i mellom anna vatning, grøfting, dyrking i tunnel, og den siste satsinga er eit teknologiprogram, seier ho.

Teknologiutviklinga, meiner Morthen, er viktig for at grøntnæringa i Noreg kan verte konkurransedyktig.

– Det er viktig å kunne utnytte moglegheiter som robotisering, presisjonsjordbruk, sjølvgåande maskinar, sensorar og dronar og lagringsteknologi.

Elisabeth Morthen meiner Noreg har teknologimiljø som er langt framme når det gjeld å utvikle landbruksteknologi. Store, som NMBU og Nibio, og mindre og private aktørar. Ho meiner at ein må stimulere denne delen av næringa òg.

– Ein ting er at bedriftene får utvikle seg. Men våre grøntprodusentar må kunne ta i bruk den nye teknologien. Då trengst det investeringsstøtte til dette òg, seier ho.

Etterlyser strategi

– I tillegg til denne milliarden over fem år, ønskjer vi at Regjeringa og landbruksminister Olaug Bollestad må ta initiativ til ein ny strategi for å sikre vekst i norsk grøntnæring. Han må startast opp og gå parallelt for å sikre at forbruksveksten i størst mogleg grad vert dekt av norsk produksjon, seier Morthen.

Ho fortel at mange aktørar samla sett kan bidra til vekst, og nemner Forskingsrådet som ho meiner kan bidra med støtte til teknologi og innovasjonsutvikling, og Enova, som kan bidra med støtte til fornybar energi og energiomstilling som døme.

Neste artikkel

Afrikansk svinepest: Prisene opp 69 prosent i Kina