Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gardskatten bør sjekkast for innvolsorm

Utekatten eller gardskatten er utsett for ei rekke helseplager. Orm hos katt er enkelt å få, ikkje like enkelt å oppdage, men heldigvis enkelt å behandle.

Katten JesperPus ute i fjøsen. Foto: Aina Stormo

Undersøkingar viser at éin av fire kattar har innvolsorm, og éin av fem har spolorm. Om katten er tungpusta og trøtt kan det vere at han har fått lungeorm. Konklusjon er at der det er katt, er det mest sannsynleg orm.

Veterinæren rår katteeigarar til å førebygge og behandle for flått, parasittar og orm.

– Utekattar går over alt, og det er umogleg å følgje med på kva katten gjer og kva han et. Det enklaste er å sørgje for å gi katten ein spot-on kur som verkar mot all orm. Den skal påførast raskt på nakken der katten ikkje kan slikke han av, seier veterinær Hilde Landfald i ei pressemelding.

Kattane blir smitta med orm gjennom avføring, eller gjennom å slikke på gras som har vore i kontakt med sniglar og ved at han et byttedyr som har ete sniglar. Når katten først er smitta av orm, kan han skilje ut rundt 4 millionar egg i månaden gjennom avføring.

Annonse

Råd frå veterinæren

* Utekattar og gardskattar er ivrige jegerar og må difor ha regelmessig ormekur.

* Hugs å sterilisere katten, sjølv om du har god plass. Mange kattar fører til meir sjukdom, villkattar og innavl.

* For å unngå at flått og andre parasittar skal bite og overføre sjukdommar kan ein bruke avvisande middel som gjer at flåtten fell av før han får bite. Ein kan også bruke flåtthalsband, eller spot-on kur.

(©NPK)

Neste artikkel

Samlet 8000 underskrifter for å hindre seter-riving