Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fylkesmannen tilbyr å kjøpa rasutsette eigedomar ved Veslemannen

Det bur elleve innbyggarar under det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Møre og Romsdal. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Fylkesmannen i Møre og Romsdal tilbyr innbyggjarane under den rasutsette Veslemannen å kjøpa eigedomane deira.

Fylkesmannen har sett av åtte millionar kroner til formålet, skriv NRK. Pengane er meint som startkapital for å finna ei løysing for dei som ofte må flytta frå husa sine på grunn av rasfaren.

– Tanken er at storsamfunnet må ta ansvar for påkjenninga dei har. Kva den endelege løysinga blir, veit me ikkje, og eg vil difor ikkje gå inn på dette, men det blir fleire møte om saka, seier fylkesmann Rigmor Brøste til kanalen.

Annonse

På same tid er det laga ein eigen beredskapsplan for Veslemannen. Frå før var det berre det store skredet frå Mannen som har ein slik plan.

Seksjonssjef Lars Harald Blikra i Noregs vassdrags- og energidirektorat har utviklinga ved Mannen og Veslemannen sidan 2014.

– Det er viktig å få på plass gode løysingar. Men me overvakar mange fjell i Noreg, og det er vanskeleg å sjå for seg at me skal byrja med varig fråflytting av tusenvis av menneske, seier han.

Neste artikkel

Senterpartiet krever ny plan for rassikring