Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fuglefjell står tomt i Lofoten

Fuglefjellet på Vedøya utanfor Røst står heilt tomt for fugl andre år på rad. Ein gong heldt dei største koloniane i Europa av sjøfuglane krykkje og lundefugl til her. No får varmare hav skulda for at fuglane er blitt borte.

Ein krykkje på vengjene. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Ein krykkje på vengjene. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Dei to fugleartane har liknande livsløp. Dei legg få egg, og dei seinare åra har det vore færre enn ein unge per reir.

Tycho Anker-Nilssen er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), som følger krykkjene med GPS. Han fortel til NRK at fuglane no flyr 150 kilometer frå kolonien for å hente mat.

Då er det ikkje alltid fugleungen er i live når dei kjem att.

Annonse

- Havtemperaturene påverkar næringskjedene. Det er ikkje havtemperaturen i seg sjølv som krykkjene reagerer på, det er tilgangen på mat, seier Anker-Nilssen.

Endring i havtemperatur endrar også økosystema og då også matfatet til krykkjene. Samstundes sym fisken lenger nord før han gyter. Då finn ikkje fuglene mat der dei pla finne det før.

(©NPK)

Neste artikkel

Kommunane krev ein milliard årleg til breiband