Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fryktar overturisme på Dovre etter moskus-tv

Fleire fryktar at talet på turistar på Dovre vil auke og bli ei belastning for moskus og villrein etter at sir David Attenborough har vist spektakulære moskuskamp-opptak frå fjellet.

Fleire fryktar at spektakulære moskusopptak på BBC kan føre til auka turisme til skade for moskus og rein på Dovrefjell. Foto: John Stenersen / NTB scanpix / NPK
Fleire fryktar at spektakulære moskusopptak på BBC kan føre til auka turisme til skade for moskus og rein på Dovrefjell. Foto: John Stenersen / NTB scanpix / NPK

I episoden om Europa den nye naturserien til i BBC, «Seven Worlds, One Planet», får ein sjå eit sjeldan tv-opptak der to moskusoksar på om lag eit halvt tonn kvar barkar saman med veldige krefter i kampen om å vere overhovud for moskusfamilien.

Annonse

No fryktar fleire at serien, som allereie er vist i mange land og har hatt mange sjåarar i USA, kan føre til Trolltunga-tilstandar på Dovrefjell, og at auka turisme kan bli ei belastning for både moskusen og villreinen i området, skriv NRK.

Fylkesmannen i Innlandet, Dovrefjell nasjonalparkstyre og Nasjonalparkriket Reiseliv jobbar no med ei ny nettside som skal gi informasjon til særleg utanlandske turistar om korleis dei bør oppføre seg i møte med dyra. Den skal også fortelje turistane at det er lurt å gå med guide. Enkelte folk kan prøve å nærme seg dyra på eiga hand.

– Vi får mange rare spørsmål frå folk som trur dette er enkelt å gjere. Dei vil gjerne vere omtrent på ryggen til moskusen før dei er nøgde, seier moskusguide, Stein Pedersen til NRK.

Neste artikkel

Regjeringa løyver 250 millionar til reiselivsnæringa