Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framstegspartiet vil instruere regjeringa til å skyte fleire ulv

Stortingsrepresentant Morten Ørsal Johansen i Frp meiner miljødepartementet bryt ulveforliket ved å ikkje ta ut fleire ulv. Miljødepartementet trekkjer fram naturmangfaldlova.

Morten Ørsal Johansen (Frp) vil at Stortinget skal instruere regjeringa om å skyte fleire ulv.
Morten Ørsal Johansen (Frp) vil at Stortinget skal instruere regjeringa om å skyte fleire ulv.

Frp vil gå til ulveåtak på miljøministeren berre ei veke etter at Erna Solberg har presentert si nye regjering, skriv TV 2.

– Dette er eigentleg enkelt. Det er slik at Stortinget har vedteke at vi skal ha fire til seks ynglingar. Er det over talet, skal ynglingar ut. Alt over seks skal bort. No ligg det over ti ynglingar, og då må vi skyte nokon, sier Morten Ørsal Johansen, stortingsrepresentant for Frp til TV 2.

Johansen sit i Næringslivskomiteen på stortinget dagleg, og han vil no sende eit framlegg om å ta ut fleire ulv til Miljødepartementet

– Lova først

Dette likar ikkje Miljødepartementet.

– Det stortinget har sagt er at vi skal styre etter fire til seks ynglingar kvart år, og sjølvsagt at vi skal gjere dette innanfor ramene naturmangfalslova gjev. Lova kjem først, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet Sveinung Rotevatn til TV 2.

Annonse

Han meiner kravet frå Johansen er heilt feil.

Og medan miljødeparetementet meiner at naturmangfaldlova kjem først, peiker Frp på at dei meiner departementet har brote rovdyrforliket. Det er rovdyrforliket som stadfestar at ein skal ha mellom fire og seks ynglingar i året. Frp vil dermed fremje framlegg om å ta ut både Mangen og Hobøl-flokken.

– Både Mangen og Hobøl-flokken må takast ut. Det vert etablert eit nytt revir i Akershus no, så ein har absoilutt grunnlag for å ta ut ulv, seier Johansen i Frp til TV 2.

Men statssekretær Sveinung Rotevatn (V) seier at ein må avvente situiasjonen til det er klart om det faktisk har vorte etablert eit nytt revir, slik Johansen meiner.

– Om dette nye påståtte reviret faktisk er eit revir og kvar dei kjem frå, veit vi ikkje. Ein må gjere DNA-registreringer først, sier Rotevatn.

Han påpeikar òg at Akershus er ein del av ulvesona, og at Stortinget skal verne trua dyr.

– Vi gjer alltid som som Stortinget seier, og vi følgjer vedtaka Stortinget fattar, opplyser Rotevatn.

Men Ørsal Johansen i Frp er sikker på at miljøministeren ikkje vil gå mot framlegget om å ta ut Hobøl og Mangen-flokkane.

– Det trur eg ikkje statsråden gjer! seier han til TV 2.

Neste artikkel

Torgrim Eggen om komle. Eller raspeball