Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framgang for vaksine mot afrikansk svinepest i Kina

Medan afrikansk svinepest spreier seg i den største svinebesetninga i verda, skal det i Kina vere klart for å starte kliniske studium av vaksine mot afrikansk svinepest.

Illustrasjonsbilete: Det er framgang på ei mogleg vaksine for afrikansk svinepest i Kina. Foto: Benjamin Hernes Vogl

I Harbin i Kina skal det statleg eigde instituttet Harbin Veterinary Research Institute (HVRI) ha funne to vaksinekandidatar som gjennom laboratorietestar har vist at dei skal kunne gi immunitet mot afrikansk svinepest. Dette skal ha kome fram via China National Radio på mikroblogging-nettstaden Weibo, skriv Reuters.

"Neste steg er at Chinese Academy of Agricultural Sciences skal akselerere framdrifta av pilot- og kliniske forsøk, samt vaksineproduksjon," heitte det vidare i innlegget.

Samstundes har forskarar som jobbar med dyrevaksinar, ifølge Reuters, gått ut med at utvikling og lansering av ei effektiv vaksine vil vere vanskeleg. Ein internasjonal ekspert på afrikansk svinepest skal ha sagt at det er minst to stammer av viruset som sirkulerer i Kina, og at ei vaksine truleg ikkje vil beskytte mot begge.

Annonse

Ei stort mengd grisar skal ha gått med grunna afrikansk svinepest i Kina. I Beijing skal avlsbesetningen vere 22 prosent mindre no enn på denne tida i fjor, og i den nordlege provinsen Shandong skal avlsbesetningen vere 41 prosent mindre enn i fjor sommar.

Afrikansk svinepest drep nesten alle svin som er smitta, og viruset kan vare i veker i forureina materiale. Det har alt blitt funne fleire kandidatar til ei vaksine av forskarar i andre land, men det er mykje som skal til før ein kan få eit effektivt produkt på marknaden.

Det skal ikkje ha lukkast Reuters å få kommentar frå Veterinary Research Institute (HVRI).

Neste artikkel

Svinepest kan gi regning på flere hundre tusen for svineprodusenter