Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå vekst til nedgang for distriktshotella

I fjor var eit toppår for hotell i distriktet, men i år har veksten for distriktshotella flata ut, viser ferske tal.

Dei ti første månadane i år har hotell utanfor storbyane på Vestlandet og i Nord-Noreg hatt ein nedgang i talet på selde rom samanlikna med same periode i fjor, viser tal NHO Reiseliv har fått utarbeidd.

Nedgangen i selde rom er størst på Vestlandet der talet i snitt har gått ned med 1,5 prosent. I Nord-Noreg er nedgangen på 0,2 prosent. Hotella som er representert, ligg i tettstader og mindre byar, heiter det i ei pressemelding frå NHO Reiseliv.

Både små og større hotell

Hotellanalytikar Peter Wiederstrøm fortel til Nynorsk pressekontor at talmaterialet omfattar alt frå små hotell med 10–12 rom til større hotell med eit tresifra tal på rom. Totalt er utvalet frå Nord-Noreg på 3.740 hotellrom, medan utvalet frå Vestlandet er på 1.920 hotellrom.

– På Vestlandet dreier det seg mykje om hotell i Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Wiederstrøm.

Skilnad på by og land

Annonse

Wiederstrøm meiner talmaterialet er for lite til å seia om det er nokon plassar som peikar seg ut. Men samanlikna med tal selskapet Wiederstrøm Hotel Consulting har henta inn frå hotell i byane, har han inntrykk er at distriktshotella kjem svakare ut.

Distriktshotell på Vestlandet kjem også dårlegast ut når ein ser på utviklinga av romprisane. Medan distriktshotell i Nord-Noreg kan visa til ein auke i romprisane på 3,8 prosent frå perioden januar-oktober, auka romprisane på Vestlandet berre med 1,4 prosent. Det er 1,7 prosent mindre enn veksten i konsumprisindeksen som i oktober var på 3,1 prosent.

Reiselivsdirektør krev handling

Direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner distriktshotella er meir sårbare enn storbyhotella og krev tiltak som demmer opp for den negative utviklinga.

– Distriktshotella er oftare frittståande og familieeigde, og dei blir difor dobbelt pressa ved at dei er meir prissensitive enn storbyhotella, samtidig som dei blir hardare ramma av formuesskatten. Det hastar difor med å få innført verdsetjingsrabatten i formuesskatten av norskeigde hotell som regjeringa lova i reiselivsmeldinga, seier ho.

©NPK

Neste artikkel

Martin (68) finner roen med hesten