Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forsking: Bygdelivet er vinnaren under ein pandemi

Ny forsking frå Norge, USA, England og Australia viser at livet utanfor dei store byane er betre under koronapandemien.

Folk med barn melder om betre psykisk helse enn dei utan barn, viser ei ny undersøking. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Folk med barn melder om betre psykisk helse enn dei utan barn, viser ei ny undersøking. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

Mindre emosjonelt stress og betre livskvalitet på bygda er noko av det forskarane har plukka opp frå undersøkingane. Professor Amy Østertun Geirdal er ein av fleire forskarar som har undersøkt korleis livet har vore under pandemien.

– Smittetrykket har vore størst i dei store byane og inngrep og innstrammingar har vore meir merkbare der. Det blir tatt omsyn til smitten i rurale strøk, men det har ikkje vore stramma inn på same måte, seier ho til OsloMet.

Svara i undersøkinga var samla inn i april og november 2020, og om lag halvparten av nordmennene som har svart rapporterer om emosjonelt stress.

– I eit normal år er det om lag 20 prosent i vestlege land som rapporterer om psykisk vanhelse og emosjonelt stress på eitt år, seier Østertun Geirdal.

Likevel trur ikkje forskarane at det er snakk om permanent emosjonelt stress, eller at det er auka behov for profesjonell hjelp.

– Vi trur det er eit uttrykk for situasjonen vi er i no og at sosial distanse har ein betydeleg påverknad på mental helse, seier ho.

Alder spelar ei rolle

Østertun Geirdal seier alder har ei betydning for opplevd psykisk helse, og at det ser ut til at eldre har mindre opplevd emosjonelt stress.

– Alder har betydning for opplevd psykisk helse. Dei unge rapporterer om høgare emosjonelt stress enn vaksne i befolkninga, det ser vi også i andre covid-undersøkingar, seier ho.

Ho trur grunnen til dette er fordi unge lever livet saman med andre på ein annan måte enn det vaksne gjer.

– Det kan vere å glede seg til 20-årsdagen, studietid, møte medstudentar og lærarar, treffe venar og reiser. Unge lev livet sitt gjennom og saman med andre på ein annan måte enn kva vaksne og eldre gjer. Det kan vere ei forklaring på forskjellane, seier ho.

Annonse

Det er dei eldre som rapporterer om best psykisk helse gjennom heile pandemien. Det trur Østertun Geirdal kan handle om livserfaring og meistring.

– Det kan sest i lys av at dei gjennom livserfaring veit at vanskelege tider har ein ende, og at dei har andre verktøy og meistringsstrategiar. Det kan ha med at dei står først i vaksinekøen og dermed kan kome tilbake til normalen fortare, seier ho.

Studiar før pandemien viser likevel at alder heng saman med einsemd, og sosial støtte og samvær betyr noko for dei eldre si psykiske helse.

Betre i Norge enn i USA og England

I Norge har vi høg tillit til styresmaktene, og vi treng ikkje bekymre oss for å ha råd til helsehjelp dersom det skal vere naudsynt, og undersøkinga viser at befolkninga i Norge har det betre under pandemien enn i USA og England.

– Eg trur det har ein samanheng med tillit til styresmaktene, medan det er lågare tillit til politikarar og helseautoritetar i USA.

– Sjølv om nokon vil seie det har gått treigt i NAV-systemet får folk pengar om dei er sjuke eller permitterte. NAV held oppe levestandarden, slik er det ikkje i England og USA. Australia har eit liknande system som oss, seier ho.

Andre funn frå studien viser at det å vere i arbeid, også frå heimekontor, er positivt for den psykiske helsa. Å bu saman med partnar eller ektefelle er òg positivt, og dei som har barn rapporterer òg om betre psykisk helse enn dei som ikkje har det.

– Om barnefamiliar strevar meir enn familiar med større barn skal bli vidare undersøkt, seier ho.

Neste artikkel

Nakstad: Gjenåpning vil ganske sikkert føre til smitte blant yngre