Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskarar vil fjerne DNT-hytter for å verne villrein

Ein fersk forskingsrapport peikar på at villreinen kan få betre levekår om to DNT-hytter blir flytta.

NINA vil flytte DNT-hytter for å betre levekåra til villreinen. Arkivfoto: Helge Hansen / NTB scanpix/ NPK
NINA vil flytte DNT-hytter for å betre levekåra til villreinen. Arkivfoto: Helge Hansen / NTB scanpix/ NPK

Det skriv NRK.

Det er ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) som konkluderer med at dei to DNT-hyttene Øyvassbu og Storsteinen i høvesvis Setesdalsheiane og Ryfylkeheiane må flyttast for å gi betre levekår for reinen.

Annonse

– Storsteinen ligg midt i ein veldig trong trekkpassasje som heiter Steinbuskaret. Kraftutbygginga er hovudårsak til at det har blitt så trong passasje der, men denne hytta er veldig uheldig plassert. Det gjer at reinen har vanskeleg for å krysse over, og trekke sørover, forklarar Vegard Gundersen frå NINA til rikskringkastaren.

Hytta Øyvassbu i Setesdalsheiane er den andre hytta NINA tilrår å flytte.

– Villreinen i Setesdal og i Ryfylkeheiane har avgrensa tilgang til beiteområde. Difor er den minste forstyrring frå menneske viktig å unngå, seier Gundersen.

Neste artikkel

Regjeringa vil sikre levekåra til villreinen