Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskarar vil erstatte forsøksdyr med hønseegg

Dyreforsøk er ofte naudsynt i utvikling av medisinar. Befrukta egg av vanlege gardshøns kan kanskje brukast i staden for.

Dyreforsøk er ofte naudsynt i utvikling av medisinar. Befrukta egg av vanlege gardshøns kan kanskje brukast i staden for. Foto: Frank May / NTB/ NPK
Dyreforsøk er ofte naudsynt i utvikling av medisinar. Befrukta egg av vanlege gardshøns kan kanskje brukast i staden for. Foto: Frank May / NTB/ NPK

Det skriv nettstaden Titan.

Farmasøytisk Institutt ved Universitetet i Oslo er truleg dei første som har teste medisinar på uferdige kyllingfoster. Dei testa ut to ulike medisinar mot epilepsi. Begge vert i tillegg brukt som legemiddel ved bipolare lidingar.

– Molekyla i dei to verknadsstoffa er ganske ulike i storleik, og dermed har dei òg ganske ulike eigenskapar når dei til dømes skal passera barrieren mellom blodbanen og hjernen, eller mellom morkaka og fosterhinna, seier stipendiat Denis Zosen ved Farmasøytisk institutt til Titan.

Annonse

Forskarane studerte nokre av dei farmakokinetiske eigenskapane i den uferdige hjernen til kyllingfostera, nærmare bestemt hjernen sin absorpsjon og eliminasjon. Det vil seia korleis stoffa vart tekne opp og skilde ut.

– For begge verkestoffa fann vi at dei farmakokinetiske eigenskapane var samanliknbare med dei same hjå eit menneske. Det fortel oss at modellen kan vidareutviklast i framtida, seier Zosen.

Hønseegg er lett tilgjengelege til å forske på fordi ein ikkje treng meir enn ei vanleg rugemaskin for å oppbevare dei. I tillegg har forskarane sikra seg tilgang på forskingsmateriale gjennom avtale med kyllingprodusenten Nortura.

(©NPK)

Neste artikkel

En av tre pelsbønder sykmeldinger eller arbeidsufør etter forbud