Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskarar meiner vindturbinar i havet kan forvirre torsken

Tre område utanfor Finnmark har blitt peikt ut som aktuelle for eit vindkraftanlegg. No meiner havforskarar at det ikkje er ein god idé.

Havforskarar er skeptiske til planane om eit vindkraftanlegg utanfor finnmarkskysten. Foto: Colourbox

Havforskarar meiner at eit vindkraftanlegg utanfor finnmarkskysten er lite smart, og at det kan skade både torsken og verdas nordlegaste korallrev, skriv NRK.

Blant dei tre områda som har vore aktuelle finn ein Sandskallen, nordvest for Sørøya. Tanken bak eit vindkraftanlegg er at krafta derfrå skal gjera Equinors gassanlegg på Melkøya elektrisk, og såleis fjerne eitt av landets største enkeltutslepp av co₂.

Området er eit viktig fiskefelt, og fiskarar har naturleg nok protestert mot planane. Området er kjent for mykje og stor torsk.

No får fiskarane støtte frå forskarar frå Havforskingsinstituttet. Dei hevdar nemleg at området ligg midt i leia for torsk som er på tur inn mot kysten for å gyte. Det er også eit gyteområde for lodde, seier forskarane.

Det gjer staden lite eigna for store vindturbinar, meiner dei.

Støy kan stresse fisk

Forskingsdirektør Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet seier at vindturbinar mellom anna vil vera ei kontinuerleg støykjelde.

Annonse

– Me veit at støy frå seismikk har ei påverkar fisk, og det sjølv om seismikkskyting føregår i korte periodar. Her snakkar me om kontinuerleg støy i eit frekvensområde som blir godt oppfatta av fisk, seier Taranger.

Han meiner at dette kan gjera fisken stressa.

– Støy kan stresse fisk og påverke både gyteåtferd og navigasjon. Kontinuerleg støy kan føre til at torsken ikkje finn den rette partnaren under gyting, går det fram av ei høyringsuttale.

Taranger meiner det trengst meir forsking for å kunne vite nøyaktig korleis livet i havet blir påverka av vindturbinar.

Det nordlegaste korallrevet

Taranger viser også til at området nordvest for Sørøya har eitt av verdas nordlegaste registrerte korallrev, og at dei er verdifulle og sårbare.

– Det vil difor vera viktig å vera varsam med tanke på storstilte utbyggingar i nærleiken, seier Taranger, som meiner at livet i havet kan bli påverka både under ein anleggsperiode og ved dagleg drift.

Han seier at alle er pålagt å ta omsyn til korallreva langs kysten.

Equinor-talsmann Eskil Eriksen seier til NRK at selskapet ikkje har konkrete planar om utbygging av vindturbinar enno. Dei ventar på ei utreiing før dei eventuelt tar til med planlegging.

Neste artikkel

Elvestuen presset om hemmelighold