Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskarar jublar over lokale festivalar

Festivalsommaren er i gang og kvart år går hundrevis av festivalar av stabelen i bygd og by. Det er nesten berre fantasien som set grenser for kva tema ein festival kan ha og det finst knapt ein einaste kommune som ikkje har sin eigen.

Ekstremsportveko på Voss blir trekt fram som ein av dei mest vellukka nisjefestivalane i Noreg av festivalforskar Reidar J. Mykletun. Statsminister Erna Solberg deltok på rafting i Vossaelva i samband med opninga av Ekstremsportsveko 2018. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix/ NPK
Ekstremsportveko på Voss blir trekt fram som ein av dei mest vellukka nisjefestivalane i Noreg av festivalforskar Reidar J. Mykletun. Statsminister Erna Solberg deltok på rafting i Vossaelva i samband med opninga av Ekstremsportsveko 2018. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix/ NPK

– Eg kjenner ikkje til ein einaste kommune som ikkje har ein eigen festival. Festivalar i kvar kommune har blitt normalen, fortel festivalforskar, Reidar J. Mykletun, ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Mykletun har forska på festivalar i ei årrekkje og kan fortelje at det har vore ei oppblomstring av festivalar etter tusenårsskiftet.

Fleire årsaker til festivalblomstring

– Det har blitt fleire festivalar. Det kjem mellom anna av eit driv og engasjement i bygdene som har dukka opp parallelt med at velstanden har auka. Det handlar om å ha energi til overs og ha lyst til å gjere nye ting, fortel Mykletun.

Ein annan grunn til at det har komme mange nye festivalar etter år 2000 er eit fenomen kalla «festivalisering». Dels er festivalisering importert frå utlandet ved at feriereiser til land lengre sør i Europa tok seg kraftig opp i førre hundreår.

– Festivalisering handlar om auka interesse og fokus på festivalar. Media har til dømes byrja å dekke festivalar som kulturaktivitetar. Det gjer det lettare å vere entreprenør og terskelen for å satse har blitt seinka, seier professor Mykletun.

Han peiker òg på ein tredje grunn til oppblomstringa av festivalar.

– Andre tilstellingar, som ikkje blei kalla festivalar tradisjonelt sett, har byrja å kalle seg for festivalar etter kvart. Ein festivaliserar arrangement som før hadde andre namn og hentar inn festlege aktivitetar som ledd i arrangementet. Eit døme på det er ulike idrettsarrangement, som i større grad involverer ting som ikkje knyter seg til iderett.

Fleire festivalar har eigne festivalcampar for deltakarane. Her er festivalcampen på Roskilde Festivalen i 2007. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK
Fleire festivalar har eigne festivalcampar for deltakarane. Her er festivalcampen på Roskilde Festivalen i 2007. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK

Bra for økonomi og trivsel

Ifølgje festivalforskaren skapar festivalar fleire positive ringverknader i ei bygd.

– For det første er det ofte økonomisk gunstig for ei bygd med festival. Sjølv om ein festival i seg sjølv ikkje skapar mange arbeidsplassar, stimulerer tilstellingar av ein viss storleik til mykje økonomisk aktivitet i bygda. Det vil komme mange besøkande som brukar pengar og ein del av dei fastbuande blir att på heimstaden i staden for å reise på ferie, fordi det skal vere fest i bygda, seier Mykletun.

– Dei som tener mest pengar på festivalar er dei som driv med transport, mat, og overnatting, men òg dei som sel suvenirar, klede og sko får ein økonomisk oppsving av festivalarrangement, legg han til.

Men også på eit menneskeleg plan bidreg festivalane positivt.

Annonse

– Festivalen skapar velvære for dei som bur i kommunen. Mykje forsking dekkjer opp om at festivalar bidreg til trivsel og skaper kjensla av at plassen du bur på er viktig. Det blir stadfesta av at tilreisande kjem på besøk og når utflytta sambygdingar kjem heim for å treffe gamle kjente. Både fastbuande og tilreisande får nye ting å samarbeide om når ein festival vert laga, og ofte får ein ny kunnskap og etablerer nye nettverk i samband med slike prosessar. På den måten gir festivalen vitalitet til samfunnet, konstaterer Mykletun.

Festivalar har òg nokre negative ringverknader. Dei fleste av desse er knytt til sjølve avviklinga av festivalen.

– Det kan bli for mykje bråk og for mykje folk. På festivalar slår ein seg laus. Då vil det naturleg bli meir ordensforstyrring og rusk og rask, seier Mykletun og legg til at det teoretisk sett òg er ein annan negativ ringverknad av å avvikle festival.

– Tilstrøyminga av festivalgjester kan komme i vegen for anna aktivitet ein kunne hatt fått meir utbytte av. Til dømes kan det gjelde i ei bygd med mykje turisme. Ein festival tek stor plass og pressar kanskje ut turistane som er der for andre opplevingar.

Kommunale festivalfordelar

Kommunane kan òg rekne med å oppleve positive effektar av festivalar. Ifølgje Mykletun støttar i dag dei fleste kommunane lokale festivalar økonomisk.

– Kommunane kan få fordelar av å sponse festivalar. Festivalen kan til dømes bidra til at namnet på kommunen blir kjent. Jo meir ein lukkast med ein festival jo meir vil kommunenamnet bli kjent.

Mykletun peikar òg på at det faktum at festivalar bidreg til auka trivsel blant innbyggjarane bør vere eit argument for festivalstønad frå kommunen.

– Kommunen kan sjå det som del av kulturpolitikken sin fordi festivalen med å auke trivsel og velvære. Festivalen kan påverke om folk blir att i bygda i staden for å flytte til byen, seier han.

Nisjefestivalane mest levedyktige

I dag finst det nesten ein festival for alt. Vi har ekstremsport-festivalar, rundballe-festivalar, forskings-festivalar og mykje meir. Dei tradisjonelle musikkfestivalane held stand, men Mykletun fortel at nisjefestivalane er meir levedyktige enn musikkfestane.

– Musikkfestivalar har mindre sjanse for å lukkast enn nisjefestivalar. Fordi det finst så mange musikkfestivalar. Ein nisjefestival har eit bestemt publikum, som gjerne dukkar opp att år etter år, fortel professor Mykletun.

Han peikar likevel på at det finst unntak.

– Jazzfestivalane opplever suksess. Dei festivalane har greidd seg godt grunna godt vaksne og lojale besøkande. Dei festivalane har òg lågare kostnader enn rockefestivalar. I tillegg har dei nok vore flinke med nøktern pengebruk og nøkterne budsjett.

– Korleis blir festivallivet i framtida?

– Min spådom er at ein vil sjå fleire nisjefestivalar og færre musikkfestivalar i framtida. Dei nye musikkfestivalane som kjem til vil døy fortare enn andre festivalar fordi det er musikk tilgjengeleg overalt no. Vi ser at det enno er ein auke i talet på festivalar. Framleis er talet på nye festivalar høgare enn talet på dei som går konkurs. Har ein ein nisje, entreprenørskap i blodet, overskot og er flink til nøktern planlegging så er det berre å klemme til og lage festival. Mange morosame festivalar har starta som hagefest, avsluttar Mykletun.

Neste artikkel

Over 1400 utstillere fra 60 land samlet i Berlin: Se bildene fra matens verden