Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forhandlingar om erstatning etter kommunejusteringar

Kommunane må bli samde om kompensasjon når bygder neste år byter kommune i samband med kommunereforma.

Frå 1. januar blir til dømes bygda Bryggja ein del av den nye storkommunen Stad. Dei forlèt Vågsøy, som blir ein del av nye Kinn kommune.

Spørsmålet blir då kva 500 innbyggarar, omsorgssenter, skulebygg og vegar er verdt, skriv NRK.

Annonse

Påtroppande Kinn-ordførar, Ola Teigen, meiner summen for å miste Bryggja til nye Stad er 31 millionar kroner.

– Verdien av ei bygd er stor. Korleis vi kjem ut av dette veit vi ikkje enno. Vi prøver å ha med så mange moment som mogleg, seier han.

Det er til saman 24 kommunegrensejusteringar og tre fylkesgrensejusteringar som skal gjennomførast. I Møre og Romsdal skal til dømes Bjørke flyttast frå Ørsta til nye Volda kommune. Her er det snakk om kompensasjon for 100 innbyggarar, ein liten brannstasjon, vegar, bruer og ei radioantenne.

Neste artikkel

Sp-ordførarar vil ha kommunesamanslåing