Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Folk i distrikta framleis mindre positive til elbil

Nye tal frå NAF viser at fire av ti personar som er busette i distrikta, seier nei til elbil. Det er viktig å få bygd ut ladenettverket, seier NAF.

Nok ladestasjonar er ei av utfordringane når det gjeld elbil i Distrikts-Noreg. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nok ladestasjonar er ei av utfordringane når det gjeld elbil i Distrikts-Noreg. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

– Det er førebels ingen teikn til at distrikta er i ferd med å ta igjen elbil-gapet til sentrale strøk, seier senior kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i ei pressemelding frå Norges Automobil Forbund (NAF).

Annonse

Fire av ti personar busett i distrikta seier nei til elbil. Det er dobbelt så mange som i dei mest sentralt plasserte kommunane. Det kjem fram etter at 4.000 personar i heile Norge har svara spørsmål om dei vil ha elbil neste gong dei kjøper bil. Undersøkinga er utført av Kantar på vegner av NAF, som ein del av Trafikantbarometeret som kjem ut seinare i år.

Nils Sødal i NAF meiner det viktigaste styresmaktene kan gjere, er å legge til rette for eit oppegåande hurtigladenettverk langs dei norske vegane, slik Stortinget har bestemt. Han meiner òg at å innføre elbilmoms i 2022 er for tidleg, og at det vil bremse elbilsalet i distrikta.

(©NPK)

Neste artikkel

Willfred Nordlund (Sp) blir leiar av næringskomiteen