Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

FN: 2018 kan bli blant dei varmaste åra nokosinne

2018 ser ut til å bli det fjerde varmaste året som er registrert. Neste år kan bli endå varmare, ifølgje Den internasjonale meteorologiorganisasjonen (WMO).

2018 ligg an til å bli det fjerde varmaste året som er registrert sidan målingar starta på midten av 1800-talet.

Dei 20 varmaste åra er registrerte dei siste 22 åra, og dei siste fire åra har vore dei varmaste til no, ifølgje WMOs analyse som vart presentert torsdag.

Annonse

Utsiktene for 2019 viser eit bilde der ein på verdsbasis kan få endå høgare temperaturar, ifølgje WMO. Ei medverkande årsak til det er at sjansen for at vêrfenomenet El Niño utviklar seg dei neste tre månadene, no er mellom 75 og 80 prosent.

Søndag startar FNs klimakonferanse COP24 i den polske byen Katowice.

©NPK

Neste artikkel

96 ansatte mister jobben i grensehandelbutikker i Sverige