Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Flyreisa kan vere meir miljøvennleg enn motorbåten

Ein motorbåtferie langs kysten slepp ut meir Co₂ enn ei europeisk flyreise tur-retur, viser nye tal.

Båtferien langs kysten kan vere meir miljøskadeleg enn ein storbyferie. Foto: Kari Hamre / NPK

Ifølgje ein rapport frå Østfoldforsk vil ei ferieveke for éin person til ein europeisk storby svare til eit utslepp på om lag 400 kilo Co₂, medan ein motorbåtferie vil sleppe ut om lag 500 kilo, skriv Teknisk Ukeblad.

– Utsleppa i båtferien er truleg høgare. Vi var snille i dette scenarioet og rekna eit drivstofforbruk på 6 liter i timen. Anslaget svarar om lag til forbruket til ein båt med ein motor på 40 hestekrefter, medan stadig fleire får større båtar med forbruk på opp mot 100 liter i timen, seier Simen Alexander Saxegård, som er ein av forskarane bak rapporten.

Annonse

Han nemner òg at det er viktig å påpeike ulikskapen i scenarioa dei har rekna ut, men han trur konklusjonen står.

– Usikkerheita er anteke å vere så og seie lik mellom dei ulike ferietypane, så vi kan seie at resultata viser ein generell trend.

(©NPK)

Neste artikkel

Døde villsvin sjekkes ikke for svinepest i Danmark – vil ikke risikere eksportstopp