Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fluorfunn i oter, isbjørn, ulv og snø

Forskarar har funne ulike fluor-stoff (PFAS-ar) i både luft, snø og dyr.

Det er godt kjent at skismørjing inneheld fluorstoff. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK
Det er godt kjent at skismørjing inneheld fluorstoff. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Det er godt kjent at skismørjing inneheld fluorstoff. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Det går fram av rapporten «Screening av nye PFAS-stoff i Norge 2018» , som Norsk institutt for luftforsking , Norsk institutt for naturforsking, Norsk institutt for vassforsking og Polarinstituttet har utarbeidd på oppdrag for Miljødirektoratet.

Dei høgste fluorkonsentrasjonane fann forskarane i prøver frå oter – med isbjørn, polarrev, havørn, polarmåse, ulv og elg på dei neste plassane.

Annonse

– Dette viser at dei høgste nivåa er i dyra som lever marint og et fisk. PFAS-nivåa har auka dramatisk i oter i Skandinavia, og det blir viktig å følgje med på om forbod og reguleringar av PFAS resulterer i ein betre trend. Det viser også kor viktig det er å undersøkje miljøgifter i rovdyra våre, som lever på toppen av næringskjeda, seier seniorforsker Børge Moe fra Norsk institutt for naturforskning (NINA) på NILU sine nettsider.

Det er første gong PFAS er målt i ulv frå Noreg, men Børge Moe understrekar at dei målte nivåa er låge, og det kjem av at elg er viktigaste maten for ulven.

– Vi fann høgare nivå av fluorstoff i snøprøvene enn i prøvene av vatn, jord, sediment, luft og støv. Det er godt kjent at skismørjing inneheld fluorstoff. Likevel kan vi ikkje knyte nivåa målt i dei ulike dyregruppene direkte til skismørjing som kjelde i denne rapporten. Men når skismørjing smittar til snø og vert spreidd vidare blir det ein av mange kjelder til PFAS i norsk natur, sier seniorforsker Linda Hanssen frå NILU.

PFAS-ar utgjer ei stor gruppe kjemiske forbindelsar som vert brukt i mange ulike forbrukarprodukt, på grunn av unike vass- og smussavstøytande eigenskapar. Du finn desse fluorstoffa i alt frå matemballasje og kosmetikk til tekstilimpregnering, brannskum, plantevernmiddel og mykje meir.NYHET

Neste artikkel

– Systemet er bygd opp for å hindre meg i å påvirke resultatet