Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleirtalet vil ha gratis skulemat

Fleirtalet av norske veljarar er samd med venstresida i debatten om gratis skulemat, viser ei ny undersøking.

Fleirtalet meiner at norske skulebarn bør få servert gratis skulemat, ifølgje ei ny undersøking. Illustrajonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Høgres veljarar er dei einaste som svarer med overvekt på eigendel, viser undersøkinga Sentio har utført for Fagforbundet, ifølgje Dagsavisen.

Veljarar i Venstre og Frp er heilt delte i spørsmålet, medan det største fleirtalet for gratis skulemat er å finne blant SV-veljarar, der 92 prosent er for.

Stortingsrepresentant Fredy Øvstegård (SV) er ikkje overraska over tala. Han meiner at saka handlar om gratisprinsippet i skulen, men òg om rettferd og likskap i velferdsstaten.

Annonse

– Eigendel for skulemat blir som å vedta klasseforskjellar som eit grunnleggande prinsipp. Det vil skape ei lagdeling i skulen.

Folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) ønsker å innføre foreldrebetalt skulemat, som ville kosta mellom 300 og 500 kroner i månaden.

– Eg trur dei fleste har råd. Det er jo òg ein kostnad ved å lage matpakkar kvar morgon, sa Listhaug i juni. Ho opna for eigne ordningar for å ta vare på barn i låginntektsfamiliar.

(©NPK)

Neste artikkel

Her er FNs klimakosthold-alternativer