Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire ungdommar vil oppleve gardslivet i sommar

Grønt Spatak er på veg mot eit rekordår. Nesten 150 ungdommar har søkt seg til landbruket denne sommaren.

Grønt Spatak har for mange søkarar i år. Foto: Lars Bilit Hagen
Grønt Spatak har for mange søkarar i år. Foto: Lars Bilit Hagen

Grønt Spatak har nesten 120 deltakarar i år. Dei har fått fleire søkarar enn venta, og mange må stå på venteliste, skriv dei på nettsidene sine.

Grønt Spatak er eit samarbeid mellom Bonde- og småbrukarlaget og Natur og Ungdom, skriv dei på nettsidene sine. Søkarane får vere 10 dagar på ein gard, eit beitetilsyn eller seter, for å få eit innblikk i korleis det er å vere bonde i dag.

Annonse

Det er òg 16 nye gardar med i prosjektet i år. Dei jobbar med å finne fleire vertskap, slik at alle påmelde kan vere med.

Neste artikkel

Turgåere lukket ikke porten til beitet – to kyr ramlet i gammel brønn