Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire geiter får hyre i Vegvesenet

I fleire år har 13 av geitebukkane til bonde Vidar Sandal i Gloppen halde busker og kratt vekke frå E39 ved Bergheimsvatnet i Breim. No får geiter fleire slike jobbar av Vegvesenet.

I fleire år har 13 av geitebukkane til bonde Vidar Sandal i Gloppen halde busker og kratt vekke frå E39 ved Bergheimsvatnet i Breim. No får geiter fleire slike jobbar av Vegvesenet. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

Det skriv Firda Tidend.

Maskinane til Vegvesenet rekkjer ikkje langt ut frå vegbanen, noko som enkelte stadar fører til dårleg sikt langs norske vegar. Geitebukkane har løyst eit problem som Vegvesenet ikkje greidde med eige utstyr.

– Dette er eit prøveprosjekt, og det viser seg å fungere godt. Dei nye medarbeidarane våre ser ut til vere særs effektive med å halde vegetasjonen nede, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen til NRK.

Beitemarkar som gror att trugar også mange av insekt- og planteartane som er heilt avhengige av kulturlandskapet.

Neste artikkel

Ett skritt nærmere digitalt dødsbo