Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Flagget som vaiar i vind

"I dag står flaggstangen naken" heiter det i eit Nordahl Grieg-dikt. Kor flink er du til å heise flagget gjennom året? I 2021 har vi 16 offentlege flaggdagar og mai er flaggmånden framfor nokon med fire flaggdagar.

Raudt som kveldssola, kvitt som snøen og blått som breen - det er dei norske flaggfargane, som også symboliserer fridom. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Raudt som kveldssola, kvitt som snøen og blått som breen - det er dei norske flaggfargane, som også symboliserer fridom. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK

Her i landet kan vi i utgangspunktet heise flagget kva dag vi vil, i tillegg til dei nasjonale flaggdagane. Det er vanleg å flagge på bursdag, konfirmasjon, bryllaup, dåp eller på ein stor fest. Alle statsbygg er pålagde å flagge på offisielle flaggdagar. Desse eigedommane skal flagge med Noregs statsflagg med splitt og tunge. Private skal bruke handelsflagget /nasjonalflagget.

Vanlegvis har vi 15 offisielle flaggdagar i Noreg. I år har vi altså 16 i og med at det er stortingsval og flagget også skal vaie på valdagen.

Fakta

Norske flaggdagar

1. januar – 1. nyttårsdag.

21. januar – bursdagen til prinsesse Ingrid Alexandra.

6. februar – samedagen.

21. februar – bursdagen til kong Harald.

1. påskedag – varierande dato (i år 4. april).

1. mai – arbeidardagen.

8. mai – frigjeringsdagen 1945.

17. mai – den norske nasjonaldagen/grunnlovsdagen.

1. pinsedag – varierande dato (i år 23. mai).

7. juni – unionsoppløysinga 1905, Noreg vart sjølvstendig.

4. juli – bursdagen til dronning Sonja.

20. juli – bursdagen til kronprins Haakon Magnus.

29. juli – olsokdagen.

19. august – bursdagen til kronprinsesse Mette-Marit.

Stortingsvaldagen – varierande dato (i år 13. september).

25. desember – 1. juledag.

Historikk

Ordet flagg kjem av det tyske ordet flagen, som tyder «å slå (i vinden)».

Då Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814 vart det også drøfta eit eige flagg for landet i Stortinget. I 1821 vart flagget vedteke slik vi kjenner det med fargekombinasjonen trikolor (tre fargar), som symboliserer fridom. Inspirasjonen kom frå USA, Frankrike, Storbritannia og Nederland.

Det var stortingsmannen Frederik Meltzer som hadde utforma flagget. Han grunngav forslaget sitt med at det nye flagget burde ha fridomsfargar: raudt, kvitt og blått, men elles ei mest mogleg tradisjonell utforming.

Det norske flagget kunne derimot ikkje vaie fritt før i 1905 på grunn av unionen med Sverige. I 1844 fekk vi den såkalla «Sildesalaten», som var eit svensk-norsk flagg som blei brukt som orlogs- og handelsflagg. Det øvste venstre hjørnet av flagget hadde eit svensk innslag.

Annonse

Under okkupasjonen av Noreg i den andre verdskrigen vart det innført ei streng flagglov som berre tillét flagging på flaggstong. Nordmenn hadde ikkje lov å gå i 17. mai-tog med flagg eller ha flaggfargar på seg. På frigjeringsdagen 8. mai 1945 vart flagget derfor eit sentralt symbol på fridom og sjølvstende. I 2005 hadde det norske flagget hundreårsjubileum.

Flaggreglar

«Lov om Norges Flag» av 1898 slår fast korleis flagget skal sjå ut, og kven som skal bruke det. Til dømes skal handelsfartøy og offentlege bygningar ha flagg. På kva tidspunkt flagget skal heisast og takast ned, er regulert av offentlege flaggtider. Det er vanleg at ein også privat følgjer desse reglane.

Hovudregelen er at flagget skal heisast ved soloppgang, og firast ned ved solnedgang. Gjennom året har vi i Noreg eit varierande tal på timar med dagslys, og derfor er flaggtidene delt opp i to ulike kategoriar.

I Sør-Noreg vert flagget heist klokka 8 frå mars til og med oktober, og klokka 9 frå november til og med februar. Flagget vert fira ved solnedgang, men ikkje seinare enn klokka 21. I Nordland, Troms, Finnmark, på Svalbard og Jan Mayen vert flagget heist i månadene november til februar klokka 10 og fira klokka 15. Det er på grunn av mørketida, og eit flagg skal ikkje henge ute etter at det er blitt mørkt.

Flagget vårt skal alltid behandlast med respekt. Flagget skal aldri kome ned i bakken eller bli slept i vatnet. Det skal heller ikkje vere underlag eller bakgrunn for noko anna. Flagget skal henge fritt.

Ved flagging i samband med gravferd vert flagget heist på «halv stong» om morgonen på gravferdsdagen, og vert heist til topps når seremonien er ferdig. Flagget skal alltid heisast til toppen først ved flagging på halv stong. Deretter skal det firast ned til 1/3 av stonga viser over flagget.

På offisielle flaggdagar er det påbod om å flagge ved offentlege bygningar og eigedommar. Regjeringa kan dessutan bestemme offentleg flagging ved andre høgtidelege og festlege høve, i tillegg til ved offisielle besøk av statsoverhovud.

Eit falma og slite flagg bør fornyast, fordi det ikkje lenger er verdig som nasjonalsymbol. Når eit flagg skal kasserast seier reglane at det enten må brennast eller sprettast opp slik at fargane vert skilde.

Neste artikkel

Solberg om statens tilbud til bøndene: – Ikke dårlig