Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskeriministeren ønskjer ny organisering av oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden

Lakserømming og lakselus har lenge vore eit stort problem for oppdrettsnæringa i Hardangerfjord-området. No har fiskeriministeren bede om det blir laga forslag til ny struktur for oppdrettsanlegga i området.

Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik.
 Foto: Janne Grete Aspen
Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik. Foto: Janne Grete Aspen

Innan 1. mai neste år skal Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet leggja fram eit slikt forslag, fortel intrafish.no.

Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (Frp) seier til avisa at strukturen ein har i dag ikkje er ideell med tanke på smitte- og lusespreiing. Han ser ikkje bort frå at det kan hjelpa å organisera anlegg på ein annan måte.

Annonse

– Det kan godt tenkjast at større, men færre lokalitetar kan gje ein betre situasjon, seier Geir Lasse Tananger, fagdirektør akvakultur, marint miljø og teknologi ved Havforskingsinstituttet.

Han ser for seg at Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet vil sjå nærmare på nokre få alternativ som dei seinare vil leggja fram for styresmaktene og næringa.

Neste artikkel

Personer pågrepet etter ny krabberazzia i Øst-Finnmark