Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskekontroll avslørte mange regelbrot i påska

Kontrolloffensiven i torskefisket har halde fram i påska, og det vart avslørt mange ulovlege forhold, melder Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet har halde fram kontrollane av torskefisket i påska. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK
Fiskeridirektoratet har halde fram kontrollane av torskefisket i påska. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK

Det viser seg at utvida kontroll var nødvendig også i ei tid der mange tek ein pause frå fisket. Kontrollar utført i Nordland og i Troms og Finnmark gjennom påska avslørte ei rekkje ulovlege forhold, skriv direktoratet på nettsidene sine.

Det er mellom anna avdekt fleire tilfelle av underrapportering av fangstar, og i nokre tilfelle var avviket mellom innmeldt og seddelført fangst godt over 20 prosent.

Annonse

– Dette representerer verdiar for fleire hundre tusen kroner. Dette omfanget har vi ikkje sett tidlegare i vinter. I tillegg har vi sett at det blir ført fangst på fartøy som ikkje har vore i fiske, seier regiondirektør Janne Andersen i Fiskeridirektoratet region Nordland.

I tillegg til fleire lag av inspektørar som utfører landings- og mottakskontrollar, har Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste gjennomført 86 tilfeldige kontrollar på havet i påska. Dei har hatt spesiell merksemd på merking av reiskap, røkting og inn- og utmelding av reiskap i sjøen.

– Tilbakemeldingane frå Sjøtjenesten gir grunn til skuffelse. Dei fleste har ingen problem med å melde inn reiskap, men melder ikkje desse ut igjen ved røkting. Nokre av dei manglande utmeldingane kjem av tekniske utfordringar, medan mange rett og slett lèt vere å melde ut reiskapane. Vi vil minne om at det er ikkje nytt av året at ein skal røkte bruket og melde reiskapane både inn og ut frå fangstfelta, seier Andersen.

Neste artikkel

Jeanette (29) var første kvinne i Norge som tok dette fagbrevet: – Eg fekk litt sjokk