Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fire av ti kommunar manglar digital kompetanse

Fleire kommunar i Noreg har problem med å rekruttere digital kompetanse og meiner det hindrar utviklinga av kommunen sine digitale tenester.

Rapporten viser at det er i hovudsak kommunane kring Oslo som har størst problem med å rekruttere kompetent arbeidskraft. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

I ein rapport frå SSB oppgir heile 42 prosent av kommunane at dei har utfordringar med å rekruttere den riktige kompetansen, medan berre 20 prosent har få eller ingen problem.

Annonse

– Manglande kompetanse gjeld først og fremst kommunar som nyttar eigne tilsette for å utføre kommunen sine digitale tenester og i mindre grad kommunar som baserer seg på eksterne leverandørar, seier Ole Røgeberg, ein av artikkelforfattarane.

Medforfattar Marina Rybalka seier det kan tyde på at kommunen har andre utfordringar eller avgrensingar.

– Dette kan tyde på anten finansielle avgrensingar eller på manglande relevant kompetanse på arbeidsmarknaden, seier ho.

Neste artikkel

MDG får sin første ordfører