Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Finsk Kraft AS kjøper kraftverk på Sunnmøre

Tryggestad Kraft og Litlebø kraftverk i Stranda kommune får nye finske eigarar.

Tryggestad Kraft og Litlebø kraftverk har fått finske eigarar. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Tryggestad Kraft og Litlebø kraftverk har fått finske eigarar. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Småkraftverket har vore i drift sidan 2012 og har vore eigde av grunneigarane, fram til overtakinga 15. mai 2020, skriv Sunnmørsposten.

Olav Hauso har vore dagleg leiar for kraftverket, og seier til avisa at han såg det kome.

– Då vindkraftverket i Fosen opna i 2015, såg eg teikninga. Som regel bles og regnar det samtidig, og då stuper prisen sidan Fosen kan pøse billeg straum ut i marknaden. Underskota vart store, og i 2018 hadde vi tre millionar kroner i negativ kapital.

– Storkapitalen tek over

Annonse

– Småkraft og fiskeoppdrett skulle vere ei ekstrainntekt for bygder og grunneigarar. Slik vart det ikkje. Når ein møter eitt eller to vanskelege år, har ein ikkje musklar til å møte dette. Då tek storkapitalen over.

Han peiker på skrotinga av dei grøne sertifikata på vasskraft som ein årsak til svekka lønsemd.

– Dei grøne sertifikata er no verdilause. Til slutt hadde vi valet om å sitje med hendene i fanget og vente på skifteretten, og å gjere noko. Det vart sal til Finsk Kraft.

Finsk Kraft eig ei rekkje småkraftverk i Norden. Det er norske Bekk og Strøm som skal drifte kraftverket som ligg på Hellesylt i Stranda kommune framover.

Neste artikkel

50 år siden Mardøla-aksjonen