Ifølgje jordbruksminister Jari Leppä i partiet Centern kan import av soyabasert fôr fjernast heilt ved å legge til rette for meir dyrking av proteinrike kornsortar. Viss ein får på plass dyrking av 80.000 hektar bondebøner er mykje gjort, skriv Svenska Yle.
– Det er mindre enn 4 prosent av Finlands dyrkbare jord, seier Leppä.
På rett veg klimamessig
Bakgrunnen for forslaget er at Leppä meiner at Finlands klimamål ikkje blir oppfylte så lenge ein har import av soya til Finland frå USA og Brasil. I ei pressemelding skreiv han at importen av soyabasert fôr har auka betrakteleg i Finland det siste tiåret.
Soya er ei viktig kjelde til protein, men ifølgje ministeren har fôrindustrien gjort store framsteg ved å erstatte importert fôr med fôr som kan produserast med råvarer frå Finland.
– Finsk kjøt og mjølk produserast utan soya allereie, og korn me kan produsere her heime er ei god kjelde til protein, seier Leppä.
– Me er på veg i rett retning når det gjeld klimaendringar og mattrendar. Me har stort potensial i proteinrike vekstar. Viss me klarar å vera sjølvforsynte med protein ville det støtte lønsemda i landbruket, seier han vidare.