Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Finalistar i Årets unge bonde kombinerer by- og bondelivet

Dina Fonn Sætre og Henning Andreas Holand er begge finalistar i Årets unge bonde. Då dei tok over potetåkeren i 2018, var det den verste sesongen på 40 år.

Dina Fonn Sætre og Henning Andreas Holand tok over garden til foreldra til Henning i 2018, etter søstrene hans ikkje ville ha odel. No dyrkar dei poteter i alle former og fargar. Foto: Privat
Dina Fonn Sætre og Henning Andreas Holand tok over garden til foreldra til Henning i 2018, etter søstrene hans ikkje ville ha odel. No dyrkar dei poteter i alle former og fargar. Foto: Privat

Dina Fonn Sætre frå Stord og Henning Andreas Holand frå Steigen er saman finalistar i Årets unge bonde. Dei lev no eit kombinert by- og bondeliv, der dei bruker potetsesongen på garden i Steigen, og vinteren i Oslo.

– Vi lev eit hybridliv. Då vi bestemte oss var det litt skummelt å hoppe med begge beina, så eg fekk behalde jobben min i Oslo, men har potetpermisjon. Så vi bur i Steigen om sommaren og hausten, og så har vi to-tre månadar i Oslo på vinteren, seier Dina.

Fakta

Årets unge bonde

Årets unge bonde er et samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald's Norge og Felleskjøpet Agri.

Kriteriene for å bli Årets unge bonde er: Bonden må være matprodusent, under 35 år, og et sunt forbilde som kan inspirere flere kloke hoder og driftige hender til å finne veien til norsk landbruk

Hensikten med kåringen er å øke rekrutteringen til norsk landbruk og å fremme produksjon av norsk kvalitetsmat.

Alle kan nominere unge bønder til prisen, før publikum gjennom flere runder har stemt frem tre finalister. Der avgjør en jury hvem som stikker av med prisen.

Juryen ledes av landbruks- og matminister Bollestad og består i tillegg av Hilde Øverby, leder for kvalitet og CSR i McDonalds Norge, Anne Jødahl Skuterud, styreleder i Felleskjøpet Agri, Inger Johanne Bransrud, leder i Norges Bygdeungdomslag, og Øistein Aasen som ble Årets unge bonde 2019.

Prisen deles ut for 11. gang tirsdag 10. november. Nationen presenterer finalistene.

Kilder: Felleskjøpet/Landbruksdepartementet/Norges Bygdeungdomslag

Dei tok over garden etter foreldra til Henning, og det er spesielt to saker som engasjerer dei i landbruket. Ei av dei er likestilling.

– Då garden vart lagt ut for sal, vart det sagt at faren min skulle selje livsverket sitt, medan mor mi knapt vart nemnd. Sjølv om det er like mykje hennar gard, og ho har lagt like mykje arbeid i han, seier Henning.

– Tydeleg kva folk tenker på når dei tenker på bønder

Paret er begge nominert til denne prisen, men det var ikkje slik i utgangspunktet.

– Først var det berre eg som var nominert, seier Henning.

– Men det blir heilt feil når begge er bøndene. Det er fleire som har kome på garden og spurt Dina om bonden er heime, sjølv om ho er like mykje bonde som meg, seier Henning.

– Det er veldig tydeleg kva karakter folk leiter etter når dei tenker på bønder. Alle menn over 50 blir tekne for å vere bønder før meg, av og til før Henning òg, seier Dina.

Dei synest det er både overraskande og artig å bli nominert til prisen. No vil dei vise at bønder kan vere både kvinner og menn, unge som gamle.

– Pokker heller

Tanken på å bli potetbonde i Steigen slo ikkje umiddelbart an, men paret tok sjansen og trivst med eit kombinert gards- og byliv.

– Vi hadde det fint i Oslo, men då vi skulle hjelpe foreldra til Henning med litt oppgåver på garden, selde vi oss sjølve ideen om å vere bønder i nord. Vi tenkte «pokker heller, vi må ta moglegheita». Viss det passar for oss er det fantastisk, viss ikkje, er det lov til å ombestemme seg, seier Dina.

No dyrkar dei poteter i alle fargar og fasongar. Ein idé som òg oppstod då dei hjelpte til med innsanking i Steigen, og som er den andre tingen paret er opptekne av.

– Eg blei sjokkert over at småpoteter blei liggande på jordet, så det planta seg ein tanke allereie der. Vi må ta vare på dei òg, så då starta jobben med å dyrke og selje desse potetene, i staden for at dei ligg igjen på jordet, seier Dina.

Ikkje berre berre

Annonse

No sel dei småpotetene som butikkane ikkje vil ha, men då dei tok over garden, såg det ikkje særleg lyst ut.

– Då vi starta i 2018 vart vi fortalt at det var den verste sesongen på 40 år. Det var litt brutalt, men det gjekk greitt, seier Henning.

Bedrifta og sankinga no går bra, men dei har hatt litt utfordringar knytt til klima.

– I sommar har det vore veldig tørt, noko som er kjempefint for alle turistane som har vore her, men ikkje optimalt for potetdyrking. I haust har det vore ganske vått, men vi har ikkje mist så mange poteter, så sesongen går bra, seier dei.

Seks kjappe

Kva er det beste med å vere bonde?

– Fridomen til å styre kvardagen heilt sjølv. Det følast bra å jobbe med å skape noko.

Kva er det verste med å vere bonde?

– Å vere avhengig av klimaet. Det å vere så avhengig av ein så uføreseieleg faktor er til tider svært utfordrande.

Kva meiner de er den største utfordringa i landbruket i tida framover?

– Klimaet. Det kan bli utfordrande å møte klimaendringane.

– Kva er den raraste reaksjonen de har fått når de har fortalt at dykk er bønder?

– Vi har fått spørsmål om kva vi tener pengar på, no som vi har blitt bønder.

Kva er favorittmiddagen?

– Pinnekjøtt, seier Henning.

– Tapas, seier Dina.

Har de ein fakta om dykk som ville overraska folk?

– Ein gong vart eg hardt skada av nokre delar frå eit tysk jagarfly som styrta i bygda vår, seier Henning.

– Folk blir stadig overraska over at eg er bonde, seier Dina.

Neste artikkel

Ungdommer står i kø for å lære seljakt – fortviler over små selkvoter